Hopp til hovedinnhold
/
Foto: Getty Images

Politikk utan leiarskap og massiv høgredreining - dei fremste langsiktige trugsmåla mot demokratiet

Kvifor er det så vanskeleg å få til breie demokratiske fleirtal i verda i dag?

Publisert i Bernts blogg av Bernt Hagtvet Torsdag 29. september, 2022 - 15:01 | sist oppdatert Fredag 30. september, 2022 - 10:36

Hittil i det tjuefyrste hundreåret kan to tendensar skimtast i verdspolitikken: 
- framveksten av autoritære regime i nye formar, og 
- ei allmenn svekking av politisk autoritet og leiarskap. 

Ei krise i den politiske klassen, om ein vil. Og difor også ei krise i tilhøvet deira til veljarane. Spørsmålet vert stilt oftare og oftare: Er fleire land blitt ustyrbare? Er det umogeleg å samla fleirtal til breie, samlande, moderate partikonstellasjonar og slik styrka politisk autoritet? Fleire har teke opp dette fenomenet det siste, til dømes idéhistorikaren Tarjei Skirbekk, som i ei brei analyse kalt «De moderne folkepartienes fall i Europa. Hvorfor falt de? Hvorfor er det farlig? Og hvordan kan de gjenoppstå?» (Oslo: Cappelen Damm 22) drøftar denne trenden. Han spør: kvifor har dei tradisjonelle moderate massepartia i Europa møtt slik motgang? Kva er årsakene til denne fragmenteringa? Vår drøfting her er inspirert av boka til Skirbekk.

FORVITRING
Det er lett å sjå at Skirbekk har sett noko viktig: Det franske sosialistpartiet PS vart nesten heilt utradert i parlamentsvalet i juni, og dei franske konservative, no under namnet Les républicains, sit no med berre 22 mandat i nasjonalforsamlinga. I Tyskland er SPDs Olaf Scholz nede i 30% i popularitet. Me kjenner alle motgangen til det norske arbeidarpartiet. Britiske Labour ligg nett no framfor toryane, men det skuldast nok kalamitetane til Johnson og vil neppe halda seg. Vil Keir Starmer kunne vinna mot dei konservative om to år? Uklart.

Det overordna spørsmålet er: Kva vil desse trendane bety for demokratiet? Det er stor uro blant veljarfolket også. New York Times kunne i sommar melde at 58% av dei amerikanske veljarane meiner det politiske systemet i landet treng til radikal reform. Eit nytt toppunkt.

ULIKE NASJONALE NEDSLAG
Desse to straumdraga – vekst i anti-demokratiske parti og nedgang for dei store moderate massepartia – er sjølvsagt bundne i hop, men på ulikt vis. Desse tendensane får ulike nasjonale nedslag. Det kan vera verdt å freista å sjå om trenden kan generaliserast for verdspolitikken reint allment.

EIT IDEHISTORISK PERSPEKTIV PÅ DEN AUTORITÆRE VENDINGA
Vårt synspunkt kan omformulerast slik: Det vi ser verda over no, grovt sett, er ein kamp mellom ulike typar populistisk nasjonalisme og liberal internasjonalisme.  Om vi skal ta ei breitt sveip, kan vi kanskje seia at dette er ein strid med djupe idéhistoriske røter i Europa. Det står om arven etter opplysingstida på 1700-talet og Den franske revolusjonen i 1789 på den eine sida, og reaksjonen mot desse grunnleggjande straumdraga på den andre. 

Sagt med andre ord: forsvararane av politisk og intellektuell fridom, mellom andre Voltaire og Tocqueville, på den eine sida, og Joseph de Maistre og den romantiske reaksjonen mot revolusjonen i lina fram til nazi-juristen Carl Schmitt på den andre, via Georges Sorel (d. 1922). Mykje innbyrdes ulikt, men hovudmønsteret er klart. I denne siste tradisjonen ligg naboskapet nært til den europeiske fascismen.

DEN STORE SPANINGA
Denne motsetninga kan gjevast andre formuleringar. Frå opplysingstida står 
- vitskap og rasjonalitet mot unne og irrasjonalitet; 
- universell moral og fridomsstrev mot stadbunden, innadvendt lokal moral og overlevert religiøs autoritet; 
- overnasjonalt, mellomfolkeleg samarbeid forankra i reglar og konvensjonar (FNs universelle menneskerettskonvensjonar er det fremste moderne uttrykket for dette brorskapet); mot nasjonal suverenitet, sjølvberging og innadvendt etnisk separatisme.

- Eg er verdsborgar, sa Voltaire og heisa den kosmopolitiske fana (enda han hadde klare anti-semittiske førdomar). - Eg har ikkje sett Mennesket, sa de Maistre, - berre franskmenn, eller tyskarar. Altså: Abstrakt prinsipielt menneskesyn med like rettar, uavhengig av nasjonalt opphav, ideologi, rase eller kjønn versus etnisk-nasjonal nativisme, med nazismen som ytste punkt.

Menneskerettstanken sitt syn på menneskeleg likeverd, toleranse  og like rettar vert i denne siste tradisjonen sett på som abstrakt tankespinn (Edmund Bruke) eller blautaktig sentimentalitet (som Hitler sa det). Denne spaninga utgjer etter mitt syn det store temaet i politikken sidan Napoleon og den industrielle revolusjonen. Det er dette vi ser refleksar av i dag. I kortform kan vi seia at her møter vi det klassiske problem i den politiske teorien sidan antikken: tyranni versus fridom. 

SVEKKING AV RASJONELL DEBATT
I vår moderne tid tar denne striden nye, drastiske formar, sidan det  breie folket no trykkjer meir direkte på elitane og valsystemet enn nokon gong. At demokratiet er representativt, synes gløymt. Rommet vert opna for alle formar for populisme der kjernen er at det refleksane til det enkle folket - og NB! berre dei - skal vera direkte tungtvegande for politikkutforminga. Alle former for mellomliggande ledd blir i dette perspektivet elite-styrde hindringar for folkerøysta. 

Demokratia står andsynes eit gigantisk problem med folkedaning når grunnlaget for informert og sakleg politisk opinion svekkast slik. I Europa driv no til dømes vaksineskepsis saman med høgre-nasjonal demokratiforakt, som legg seg tett opp mot innvandrarhets, på grensa til rasisme. Dette er ein veg inn for å gjera høgre-ekstremismen mainstream. 

UNDERGRAVING AV DEMOKRATIET 
Lat oss no sjå nærare på den autokratiske vendinga. Namn som Xi i Kina, Modi i India, Putin i Russland, Maduro i Venezuela, Erdogan i Tyrkia, Orbán og Kaczynski i Ungarn og Polen, Bolsonairo i Brasil og Duterte i Filippinene (og no Ferdinand Marcos, jr.) – dei er alle døme på denne anti-demokratiske vendinga sidan 2015. Det post-castroistiske regimet i Cuba er og del av trenden, for ikkje å gløyma Assad i Syria, Al Sissi i Egypt, og regima i Sudan, Sør-Sudan og Somalia, som aldri har vore demokratiske. I Algerie er alle freistnader på demokratisering stagnerte. Sjølv i Tunis, der den arabiske våren tok til, ser det ut til at demokratiet vert avløyst av ein sterk presidentmakt som trugar reformene. 

AMERIKANSK DEMOKRATI PÅ VIPPEN
USA syner alle desse tendensane i reinform. Trump høyrer til i same høgrepolistiske familien. Å kalla Boris Johnson for autokrat, er kan hende ikkje så treffande. Men dei demagogiske, populistiske metodane han la for dagen under Brexit, minner likevel om eit temperament med autoritære tendensar og ein hang til strongman-dyrking (jamfør ovundringa hans for nett desse sidene ved helten hans, Churchill, som han har skrive bok om). Både Trump og Johnson etterlet seg ei branntomt i landa sine, ein kombinasjon av inkompetanse og idiosynkrasi. Både syner at politikk dreier seg også om karakter, som de både mangla. Og som bidrog til å felle dei. Både er døme på eit klart forfall i  politisk autoritet. 

KVA MED BIDEN?
I USA er altså teikna på fall i politisk autoritet openberre. På den demokratiske sida er Joe Biden problemet. I sommar har han hatt ein approval-skåre på 39, som er lågare enn Trumps på same tid i presidentskapet sitt (44%). At også demokratane har problem med partidisiplinen, synte seg i byrjinga av juni då faneberaren til dei progressive, New York-representanthus-medlemmet Alexandria Occasio-Cortez, nekta å svara på om ho ville stemma på Biden i 2024. Partiet er redningslaust delt. 

HEMNRIKSRETT? 
I det britiske magasinet Spectator 18. juni opnar kommentatoren Freddy Gray for ei interessant tanke her: I dagens USA vert val ei anna form for borgarkrig. Riksrett kan bli brukt som hemn etter kvart maktskifte - i ein evig runddans. Steve Bannon har alt varsla dette om republikanarane tek over Representanthuset. Etter haustens val kan det bli det nye republikanske fleirtalet sin tur til å innleie riksrett i ein evig runddans, skriv Gray. Nok eit teikn på drastisk svekking av politisk autoritet. 

NEPPE KAMALA HARRIS
Det gjer det ikkje betre at ingen helt veit om Biden, snart 80 år, kjem til å stilla, eller om han bør det. Til biletet høyrer det til at Kamala Harris er enda meir upopulær, ser det ut til. USA var ikkje klar for ein kvinneleg president i 2016. Landet er nok mindre klare for ein svart kvinneleg president. Nok eit klårt døme på svekking av politisk autoritet. 

MAJORITETSMØNSTERET RAKNAR
Lat oss sjå på liknande trendar verda over og stilla spørsmålet om kvifor det er så stritt å få til demokratiske majoritetar. Kan hende skal vi kalla desse tendensane ein anti-politisk trend:

- Frankrike. Emmanuel Macron vann presidentvalet lett, men miste fleirtalet i nasjonalforsamlinga i juni (partiet hans LRM, gjekk ned frå 266 til 161 mandat). Ytste høgre, Marine Le Pens RN, fekk det største talet på representantar nokon sinne, 89. Le Pen kallas no «putinistisk» etter flørtinga hennar med den russiske diktatoren (nedtona etter invasjonen.) Venstresidas fellesplattform, Nupes, under Jean-Luc Mélenchon, auka også sitt tal på mandat. Presidenten kan verta innestengd, utan koalisjonspartnarar (dei næraste, dei konservative, har ikkje folk nok til å utgjere eit fleirtal). Le Figaro talar om den djupaste konstitusjonelle krisa i landet sidan de Gaulles femte franske republikk i 1958. Die Zeit skriv om «det tomme rommet» bak Macron og set presidenten sin «u-makt» («Ohnmacht») som overskrift på valkommentaren sin. Vanmakt er vel den beste norske oversettinga. 

- Belgia. Det lingvistisk delte kongedømet har levd i månadsvis utan ei regjering dei siste åra, og synes kronisk uregjerbart. Blir Frankrike ei - God forbid! - forstørra utgåve av Belgia? 

- Israel. Landet har gjeve opp si vaklande samlingsregjering og får sitt femte val i november, med Benjamin Netanyahu som den sannsynlege vinnaren. Eit klassisk døme på autoritetssvekking.

- Canadas Justin Trudeau skreiv ut nyval i september for å få fleirtal, men lukkast ikkje. På forsommaren fekk Trudeaus liberale parti berre 8 av 124 sete i Ontarios delstatsforsamling. 

- Sveriges Magdalena Andersson overlevde mistillitsframlegget på førsommaren med ein stemmes overvekt. Det skuldast at ein kurdisk representant stemte med ho. Denne representanten fryktar no for si opphaldsløyve etter at Sverige vart tvungen til kompromiss med NATOs minst demokratiske land, Tyrkia. Som det heiter: «Politics makes strange bedfellows». Utsikten til eit styringsdyktig fleirtal ved valet i haust er uklåre.

- I Tyskland er no Olaf Scholz’ SPD som sagt nede i ein bølgjedal etter 16 år med Angela Merkel. Det vesle liberale partiet FDP, som har finansministeren, er eit uromoment i koalisjonen på grunn av politiske skilnader. SPD er no på tredjeplass i gallup-undersøkingane. Scholz har alt tapa to delstatsval. Kor lenge varar koalisjonen hans?

- I Italia har statsminister Mario Draghi, ein EU-teknokrat som ikkje er valt, gjeve landet eit flakkande bilete av stabilitet, etter alt å døme på grunn av ein relativt kompetent handsaming av pandemien (han fekk 55% oppslutnad i siste gallup). Men Draghi opplevde i juli at den populistiske Fem Stjerners-rørsla under den uføreseielege Beppe Grillo ikkje ville stø han, og han leverte inn si avskilserklæring. Det vert val i september, og det ser ut til at han vil tapa i haust for den voksande høgrekoalisjonen mellom populistane i Italias Brør, Fem Stjerners-rørsla, Forza Italia og Lega Nord, etterfylgjaren etter det ny-fascistiske partiet MSI.

- Regjeringane i Nederland og Spania har store problem med skuldingar om hacker-åtak på mobilar. Snille og tolerante Nederland har opplevd gateopprør mot vaksinekrav (men statsminister Ruppe sit godt, enn så lenge). I Spania har regjeringa tapt regionvalet i Andalusia, der 20% av spanske veljarar bur. Andalusia er tradisjonelt ein bastion for sosialismen, men er i spinn.

FREDEN ETTER PANDEMIEN ER BROTE
Under pandemien oppstod det ein fredstilstand mellom folk og styresmakter (med nokre unntak). Folk flest godtok i overraskande grad (igjen med unntak) strenge vaksineåtgjerder. Tillit til styresmaktene er nykelordet. Mykje sympati kom då styresmaktene gjekk i krigen mot pandemien. Boris Johnson heldt på å døy, Trump kom også nær. 

Denne pakta synes no borte. Det som sit igjen er dei enorme kostnadene etter nedstengningane, ikkje minst for skuleborn og studentar, som slit med å tetta til hola i utdanninga si. Ser vi ei ny form for nihilisme? Valdelege brotsverk er på veg opp i byane i Vesten. Hat-praten på nettet gjer dei opne kloakkane i London på Dickens tid til våryre bekkar. 

GRUNNLEGGJANDE ÅRSAKER TIL SVIKTEN I RESPEKTEN FOR POLITISK AUTORITET
Ser vi litt bakover, er det mogleg å sjå dei meir grunnleggjande trendane. Inflasjonen riv no samfunna sund. Levekostnadene stig; bensin, straum og matprisar spiralar opp. I dei fleste vestlege land ligg no inflasjonen på mellom 6 og 9 %, det høgste sidan «stagflasjonen» på 70-talet. (I Tyrkia er inflasjonen notert no til 73%! I Bolsonairos Brasil til 12% og i Putins Russland til 17%). 

Til vinteren vil venteleg dette mønsteret forsterka seg når Putin stengjer av gassen sin og presset mot regjeringane aukar. Her ligg Putins strategi: at Vesten blir trøytte av krigen og vil ikkje stø hjelpepakkene til Ukraina fordi levekostnadene heime blir uhåndterlege.

STAGFLASJONEN
På 70-talet kom også fagfolka ut med åtvaringar om at Vesten var uregjerbart. The Trilateral Commission, med mellom andre Samuel Huntington som medlem, skreiv då at forventningane til styresmaktene gjekk dramatisk mykje lenger enn kva skattegrunnlaget kunne stetta («dei stigande forventninganes revolusjon»). Kombinasjonen stagnasjon og inflasjon («stagflasjonen»), som me også har no, er det farlegaste trugsmålet mot demokratiet, sa dei alt då. Og enda den gongen kjende me ikkje til krigen mot terroren midt på 2000-talet og finanskrisa i 2008, som meir enn noko anna reiv bort tilliten mellom folk og styrande (bankar som var for store til å falla). Masseflukten frå krigsramma Midtausten til Europa som kom i 2015 kunne ingen då tenkja seg, like lite som at islam kunne fostra ein slik totalitær mentalitet som i ISIS. Brexit kom ingen på den gongen, og Putin spionerte i Dresden som ung KBG-offiser. Krigen som Russland fører i Ukraina i dag, med massiv bombing av sivile mål, kunne ingen ha førestilt seg.  

USTABILITET
Ustabilitet var ein av fylgjene av stagflasjonen. UK hadde fire val på 1970-talet og fire statsministrar; USA fire presidentar frå 19712 til 1981. Regjering etter regjering trudde ein kunne låna seg ut or problema. No sit me med rekninga og den sure kløen, med veljarar som ikkje veit kva dei vil og kor dei vil. Og populistiske leiarar som har gløymt at politikk også dreier seg om karakter. 

Autoritetskrise? Det er nok ein forskjønnande omskriving av djupe strukturtrekk som me berre delvis forstår. 
 


Tilbake til toppen