Hopp til hovedinnhold
/
Foto: Getty Images

Takksemd og nasjonsbygging

Det sameinte kongeriket tok avskil med Elizabeth II med stil og ny debatt om arven frå fortida - og det som skal skje no. Charles kom stort sett godt ut av det – etter verdas lengste opplæringstid.
 

Publisert i Bernts blogg av Bernt Hagtvet Fredag 23. september, 2022 - 09:16 | sist oppdatert Fredag 23. september, 2022 - 09:48

Kongar trår ikkje berre fram, dei skapast av kollektiv hallusinasjon.
George Bernard Shaw

Oxford. - For fyrste gong på 70 år må no britane synge God Save the King. Det heiter ikkje lenger QC, Queen’s Counsel for elitejuristane, men KC, King’s Counsel. Og no er det mogleg att å tala om King’s English. Teatra i London vil bli omdøypt til His Majestys’s Theatre, slik dei også gjorde ved tidlegare tronskifter, i 1837, 1901 og 1952. Men nokon regiment vil halda på dronning-namnet, les vi. Av respekt.

Det har vore ei underleg veke i øyriket. Ei bisarr blanding av trivia og britisk stil. Ikkje utan innslag av kongefjesk me er framand for her heime. Men kva ein enn meiner om opptoga, må det seiast at dette kan britane. At David Beckham tok av seg sixpencen og bøygde hovudet føre kista i Westminster Hall, vart ei lita medie-hending i seg sjølv og vart tolka som teikn på breidda i respekten for den døde dronninga. 

Sjølv for ein prinsipiell republikanar gjer det inntrykk å sjå gamle heiderskrona offiserar stå i giv akt og helsa kista i djupt alvor. Og vanlege folk i det ein må kalla genuin sorg. 

KRIGEN OG DET FASTE PUNKTET
Grunnen er klår: Elizabeth har vore eit slags fast punkt for to-tre generasjonar i ei omskifteleg verd. Lat oss ikkje undervurdera det. Eg meiner også at krigsrøynslene skin gjennom. Bileta av den unge Elizabeth i kjeledress ved ambulansane til det friviljuge kvinnelege hjelpekorpset under krigen, kjem att om igjen og igjen. Ho lærte bilreparasjon. Ikkje mange britar hugsar no krigen. Men dette er enno inntrykksvârt.

I det heile, den disiplinen og den kjensla av historisk nærvær som denne veka har synt, gjer intrykk. For ein som heile livet har vore oppteken av formane for politisk autoritet, har dette vore ei fascinerande oppleving av politisk symbolisme. Og styrken i nett denne symbolismen, midt i all journalistisk dekonstruksjon og modernitet. Det skjer eit glidande tronskifte, full av tradisjon, men med klåre nye drag. At Charles spontant møtte folket direkte, det gjorde Elizabeth aldri og er eit viktig teikn. 

Det seiast at gravferda vart sett av 4 milliardar og er den hittil største mediehendinga.

KRANENE SOM SENKTE SEG
Eg minnast gravferda til Winston Churchill i 1965. Då kista hans vart frakta opp Themsen på veg til landsbyen Bladon der han skulle gravleggjast, senka hamnearbeidarane dei store kranene sine i respekt. Dronninga fekk ikkje ein hyllest av dette slaget, men kanonlavetten brukt av dronning Victoria og Churchill, innslaget av marinegastar som trakk lavetten og ikkje minst folka frå helsetenesta som gjekk fyrst i gravfølget - alt dette minte oss om korleis dronninga sjølv ynskte det. Det var stilig og ekte. 

Politiet har måtta få til ein balanse mellom kontroll og tryggleik på den eine sida og omsynet til ytringsfridomen på den andre. Det gjekk stort sett bra, sjølv om republikanske protestantar i Edinburgh vart sette fast og det for hardt. 

KONTINUITET OG OMSKIFTE
Dei som trudde Charles ville hoppe over ein generasjon og gje trona direkte til sonen William, har ikkje fått rett. I staden har me sett ein konge med eit tempo som ville høvd ein langt yngre mann (Charles er 73). I ein runddans av reiser gjorde han eit poeng av å kome seg til dei tre andre nasjonane i Det sameinte kongeriket, Nord-Irland, Skottland og Wales. I Wales møtte han spreidde motstemmer, men tala litt walisisk for å roa nervane. 

Kommentatorar her peiker på den enorme oppslutnaden rundt kista til Elizabeth II i Skottland. Dei ser det som teikn på at kravet på skotsk sjølvstende er svekka. Det er nok overflatisk sett. Nett uroa i Skottland og Boris Johnsons spel med Nord-Irland-avtala vil bli Charles’ fremste oppgåve framover: Å styrka unionen blir sjølve manndomsprøva for han no. I Nord-Irland vil alt vera avhengig av om den katolske folkesetnaden veks seg så sterk at ei folkerøysting kan opne for eit samla Irland. Ein viktig føresetnad for sameining er alt til stades: svekkinga av ei autoritær katolsk kyrkje i sør i kjølvatnet av abortspørsmålet.

I det heile må Charles no finna ei ny rolle for monarkiet. Det er her sitatet frå George Bernard Shaw kjem inn. Det må ein viss kollektiv hallusinasjon til. Tida hans blir å forma eit velferdsmonarki, ikkje med sverd og hangarskip og imperial nostalgi, men med saks som opnar nye hospital. Det er seks millionar i kø no for handsaming i det nasjonale helsevesenet, NHS. Start der.

SOFT POWER
Vi må ikkje gløyma at monarkiet enno har ganske mykje «soft power» - indirekte påverknadsmakt. Spaninga mellom Elizabeth og Margaret Thatcher kom til dømes av deira usemje over Sør-Afrika. Elizabeth ville ikkje vitja landet under apartheid, og hennar venskap med Nelson Mandela vart legendarisk. Han var den einaste som kunne kalla henne Elizabeth og taka henne i armen. 

Og det skal Charles ha: Han var tidleg ute med økologisk tenking og praksis. At dronninga ville ha at nett folk frå NHS skulle gå fyrst i gravfølget, seier alt om hennar prioriteringar. Og gløym ikkje at då Johnson ville sende asylantar til Rwanda, kom dei hardaste protestane frå kyrkja og monarkiet.

GOD START OG SKEPSIS TIL ALL SENTIMENTALITET
Den fyrste talen Charles heldt som monark slo godt an. Der talte han om å koma alle trusoppfatningar i møte og tena folket som mora. Han ville forsvara «faiths», ikkje «the faith», altså anglikanismen åleine. Og talen var fri for sentimental imperienostalgi. Han slo an mora sitt mantra: å tena. 

At han vart irritert over ein lekk penn, og at dette vart ei mediesak, syner denne selsomme blandinga av trivia og høgtid som prega heile veka («Charles synte meir temperament og offentleg irritasjon enn mora eit heit liv», som ei av avisene, ut over alle proporsjonar, skreiv).

KJENSLER SOM KLING I HOP
Kven kom i syrgjefylgjet? I møte med den store oppslutninga kring moras kiste slo sosialpsykologane til og minte om kor mange behov og kjensler som vert lesne inn i køane kring kista. Dei åtvara mot all sentimentalitet. 
Folk har trong til å bli lyft ut or kvardagen, seier dei. Gjera noko ut over ein sjølv. Mange leser eigne sorgrøynsler inn i defileringa - ei form for projisering med andre ord. Stephen Reicher i Guardian skreiv 16. september at sorgferda minte han om sorga kring bortgangen til hans eiga mor. 

Her er det djup innsikt: Monarkiet kan spela på kjenslemessige straumar som folk kan kjenne seg att i. Dei kjem opp nett ved høve som dette. Ikkje å undervurdera.

IKKJE ELVAR AV BLOD
Tabloidane talar om kjærleik til Elizabeth. Eg meiner det er teikn til det, i alle fall respekt og takksemd for at ho var eit symbol i eit samfunn som er totalt endra sidan 1952. Hennar protestantiske arbeidsdisiplin, med andre ord. Og i eit trist etterkrigs-England i 1952 brakte ho inn litt glamour og von for framtida. Det var ein god start. 

Storbritannia er eit multi-etnisk, multi-religiøst samfunn no; den anglikanske kyrkja er ikkje lenger ei lokalavdeling av Tory-partiet, men ein kritikar av ulikskap og for sosial rettferd. 

Den konservative politikaren Enoch Powell som i 1968 tala om «elvar av blod» i rasekampen som ville koma, har ikkje fått rett. Men UK er framleis det mest ulike samfunnet i Europa. Den noverande statsministeren Lizz Truss kjem ikkje ei gong med symbolske fakter om å gjera noko med det («levelling up»). Her får Charles ei utfordring.

AUTORITET UNDER PRESS
Folket er også langt mindre "deferential" no, som britane seier det, altså mindre viljuge til å ta autoritet for gjeven, underdanige, enn i 1952. Den moderne, fragmenterte mediesituasjonen understrek også dette.

Velutdana britar av alle slag er meir innstilte no på å stilla dei tunge spørsmåla og sjå gjennom all rojal pomp og prakt: Er ikkje stunda no komen for å demokratisera landet fullt ut og fjerna eit statsoverhovud som sit der som resultat av det tilfeldige spel av gener? Ein mann som attpåtil er milliardær etter fiks bruk av unntak i skattelovgjevinga? Og som gjev alt vidare til slekta si utan innsyn? 

Delen av folket som stør monarkiet synker med alder; dei unge er mest skeptisk. Ei anna utfordring for Charles. Av dei 56 nasjonane i Samveldet har 14 dronninga, no Charles, som statsoverhovud. Men det vil gå ned. Barbados vart republikk i fjor. Jamaica og Antigua vil venteleg koma etter på grunn av fornya fokus på slaveriet. Church of England var den største slaveeigaren i Karibia. 

MASSESJELA I KØANE
Samstundes oppstod det ein slags karnevalstemning der folk stod i lag. Dei drakk te saman, dei fekk nye vener, men vert høgtidelege når dei kom nær Westminster Hall. 

For over 150 år sidan slo den franske sosialpsykologen Gustav le Bon i boka «L’ére des foules» («Æraen til massane») at folkemengder utviklar ei "massesjel". Ei sams oppfatning av kvifor dei er der, ei felles oppleving bortafor det eigne sjølvet. Det førar til at dei trur på dei enklaste slagorda og let seg driva med. Røynslene med diktatura i det 20. hundreåret har synt kor rett han såg.

No er ikkje UK noko diktatur, men folkemassar er ofte under ei slik sams lov. Det såg vi i London denne veka. Det vi såg var ein elementær etappe av nasjonsbygging tilpassa ei ny tid og ein ny monark. Fascinerande.

MAU MAU OG INDIA
Det vil ikkje seia at dei divergerande stemmene vart borte. Britane oppløyste sitt kolonirike utan ein opprivande Algerie-krig. Men etterlet seg likevel ein arv av vald. Mau Mau-opprøret i Kenya på 1950-talet kjem høgt opp i råskap frå London si side, med konsentrasjonsliknande leire og massearrestasjonar. 

Denne sida ved kolonialismen kjem no meir og meir fram. Og talet på historiske verk med titlar som «kva britane gjorde med India» tar ingen ende. Historia tek ikkje slutt med Elizabeths bortgang, men ein epoke er over. Respektlause seier at suksessen til monarkiet skuldast at det er verdas lengste såpeopera. Men også der kjem det ei gong eit teppefall.


Tilbake til toppen