Hopp til hovedinnhold
/
(Foto: Getty Images)

Den store Churchill-revisjonen

Ikkje naudsynt å riva ned statuar – historikarane gjer ein betre jobb. No plukkar dei ned Winston Spencer Churchill ettertrykkeleg frå pidestallen. 

For tida er det ikkje mykje att av WSC. Men står me andsynes eit akademisk overkill?

Publisert i Bernts blogg av Bernt Hagtvet Fredag 21. januar, 2022 - 12:50 | sist oppdatert Mandag 28. mars, 2022 - 13:33

Den tåkefylte øya i Nordsjøen med omkring 60 millionar sjelar - 20 millionar mindre enn Tyskland- lever i ein post- Churchilliansk myte. Det er på grunn av den indre samanhengen mellom Winston Spencer Churchill (WSC) og Brexit. 

Her er resonnementet: Brotet med EU var inspirert av eit Churchill-kompleks: Ein vanvittug idé om restaurasjon av britisk stordom og verdsrolle, med direkte opphav i Churchill-dyrkinga. Brexit var ein (litt ) mildare utgåve av Dunkirk og Blitzen i  kombinasjon. Like heroisk. Det er som me høyrer brølet frå Merlin-motorane i Spitfire-jagarene på veg mot strendene og Luftwaffe.

VEKK FRÅ GNOMANE

Dette er ikkje mine ord, det er eit samandrag av den seinaste Churchill-revisjonen som i lengre tid har gått som ein  ildebrann både i USA og i Storbritannia. Samanfattande går den ut på å seia at like under overflata av Brexit låg og ligg ein draum om «cool Britannia», med eit atterskin av imperiet «der sola aldri gjekk ned». 

Og vidare: Lausreven frå gnomane i Bryssel skulle det britiske geni som ein fugl Føniks skapa «eit Shanghai on the Thames», som aristokraten Jacob Rees-Mogg sa det. (Lite å høyra frå denne utsendingen frå dronning Victoria no). EU stod for reguleringar, byråkrati, småmannskjensle. Underteksten var naturlegvis å underminera EUs arbeidarvern-lovgiving.

DRONNING ELIZABETH I SØRKINA HAVET

Slik skulle anglo-saksarane strekke kjølen til eit globalt Britain att. At det einaste hangarskipet britane har, nybygde «HMS Queen Elizabeth II», no patrujlerar i Sør Kina-havet saman med storebror USA, er symptom på denne post-imperiale romantikken og brexit-hybris.  Og bakom syng altså WSC. 

NEDTUREN

Denne myten verkar no patetisk for andre utanfor tåka. Brexit har foreløpig for det meste ført til vante på lastebilsjåførar og varar i butikkane, og Boris Johnson kan bli den fyrste statsministeren som står for oppløysing av Det sameinte kongeriket - om skottane får det som dei vil. 

Statistikarane reknar med eit fall på ca. 4% i GNP etter brexit pr år, og gallup syner aukande mismot med vedtaket. Brexit-forhandlaren Lord Frost har trukke seg i desperasjon. Det som for David Cameron skulle vera ei avstemming som skulle gjera slutt på kranglinga om Europa innan Tory-partiet, er blitt ein nasjonal nedtur (Cameron trudde han ville vinna). 

Og enno har me ikkje nemnt grensa i Irskesjøen, som trugar freden på den irske øya. 

DET CHURCHILLIANSKE MOMENTET

Inn kjem Boris Johnson, ein «run of the mill», dvs. ein temmeleg ordinær, WSC-ovundrar. Han ligg noko tynt an no men har ei sjøvkjensle utan måtehald. Han har til og med skrive ei panegyrisk bok om SC der han dvelar ved dei «churchillianske momenta»i politikken. 

Desse momenta er dei stundene i politikken der ein vinn med handlekraft mot høge odds, og der karisma og optimisme brøytar seg veg mot dei vaklevorne og middelmådige, les: Boris sjølv. Og der retorikken om kamp på strendene og sveitte og blod bivrar like under overflata. 

Churchill har omtala slike lagnadsstunder sjølv, og må her siterast best på morsmålet: «The great struggles in history have been won by superior willpower wresting victory in the teeth of odds or upon the narrowest margin”. 

Ja, ja, kan ein vera så uhøfleg å nemne at her er det  ein parallell til hovudfienden Hitler? Føraren tala uopphørleg om “eiskalter Wille” som avgjerande i soga.  

«EIT GANSKE ALMINNELEG LAND»

Dette er essensen i eit av dei store «debunking»- studiane som er komen dei seinaste åra mot britisk, eller snarare engelsk sjølforståing. Det dreiar seg om den danske historikaren Søren Mørchs 550 siders verk Utilsiktede hændelser, med undertittelen «54 fortællinger om verden som den blev» (Politikkens forlag, København, 2019).

Historikarar skal kle av, ikkje på, sa Jens Arup Seip. Mørch står i denne tradisjonen. Han ser på UK som eit ganske alminneleg land, langt frå ein stormakt, og meir og meir eit offer for eit oppblåst sjølvbilete. Mørch har eit gjennomført usentimentalt historiesyn. Det får han til å revurdere Storbritannias krigsinnsats frå botnen av. 

SMÅ BRITISKE TAP

Mørch slår t. d. fast at vinterkrigen mellom Finland og Sovjet frå oktober 1939 til mars 1940 var omtrent like omfattande med omsyn til tap av soldatar og materiell, ja, meir, enn kva Storbritannia stod for på Vestfronten våren 1940 då Frankrike fell. (Tal eg har støtt på seier at Sovjet-Unionen mista meir enn 250 000 soldatar på denne korte tida, finnane ca. 57 000, i eit land med ca. 3 millionar innbyggjar.) 

DEN RAUDE HÆREN AVGJORDE KRIGEN

Mørch meiner at Storbritannias innsats under heile krigen berre reduserte Wehrmachts styrke med mellom fem og ti prosent. USA bidro med meir, dobbelt, ja, tredobbelt i samanlikning med innsatsen til britane. Resten - mellom 75 til 85 % - av tapa til tyskarane av soldatar og materiell kom i aust.  Russarane stod for hovudstøyten; andre verdskrigen vart vunnen av Sovjet.

TAP SOM I ITALIA

Mørch brukar ein annan metode for å samanlikna nasjonane. UK mista 381 500 soldatar under krigen, Italia 306 400 (Noreg ca. 10 00). Storbritannia hadde eit par millionar fleire innbyggjarar enn Italia. Storbritannias tap i mannskapar var på knapt ein prosent, litt mindre enn Italia, som låg på godt ein prosent. Mørch slår fast at UK hadde ein krigsinnsats omtrent på like fot som Italia og var ein mellomstor europeisk stat å rekne,  ikkje nokon stormakt. 

Eit enda  meit talande døme er tapa i Stalingrad 1942-3,tankslaget ved Kursk 1943,operasjon Bagration sumaren 1944 og slaget om Berlin i 1945 - dei tilføyde Tyskland kvar for seg større tap enn den samla britiske og amerikanske krigsinnsatsen under heile krigen, skriv Mørch. Det er som han seier, «ikkje til å begripe»  (Weekendavisen 29.11 2019).

PSYKISK USTABIL, EIN SPELAR

Heile denne revisjonen skjer på to plan. Dels vert krigsinnsatsen til Storbritannia systematisk nedjustert,  dels gjeld det personen Churchill. 

Mørch kallar WSC «ein spelarnatur, ein pressepolitikar, ein psykisk ustabil karakter, skiftande og i konstant pengenaud». 

Han er ikkje åleine. Den nyaste boka i Churchill—revisjonen, Geoffrey Wheatcroft, Churchill’s Shadow. The Life and Afterlife of Winston Churchill (NY: Norton 2021) er enda grusommare: WSC er ikkje berre “ein rasist, men også ein hyklar…ein narcissist,ein opportunist,imperIalist, alkoholikar, ein strategisk amatør, ein skatteunndragar, ein likeglad far, ein forfattar på evig jakt etter honorarar, ein elendig domar av karakter og ikkje minst ein megaloman  mytemakar».

KVA GJER DEI TIL HELTAR?

Eine grausame Salbe, dette. Historie har alltid vore gjetting om fortida. Det som skjer no er ei omfattande omvurdering av vedtekne sanningar på mange plan. Statuar rivast alle vegne og revisjonisme er på moten. Akademiske fag er ikkje betre verna mot motesvingningar enn klede. Kva skal me seia?

Det som gjeld i denne situasjonen, er å vera medvitne om kva vi hyllar heltane for. 

For Wheatcroft er saka klår: Churchills forsvar i 1940 av Storbritannia og derigjennom heile Vestens sivilisasjon mot nazismen, «eit tyranni gjort meir uhyggelig av pervertert vitskap» som WSC sa, overskuggar dei meir usympatiske draga i personlegdom til den britiske statsministeren. 

Churchill leidde britane gjennom den største krisa i soga, men la samstundes grunnen til mytar om nasjonal herlegdom som har hindra britane å konfrontera si eiga historie ærleg og utan fordomar sidan, skriv han. Det gjeld ikkje minst kolonihistoria.

Når Wheatcroft offentleggjer si debunking-historie, så er det fordi så mange andre har heva WSC opp til nærast over-menneskjeleg status.

Wheatcroft er i sær oppteken av å justera myteskapande filmar som «Darkest Hour» og hagiografiar à la Boris Johnson. Med unntak av 1940 vil Wheatcroft få oss til å sjå korleis WSC systematisk forskjønna biletet av seg sjølv og la grunnen til WSC-kulten etter krigen.

DEN TUNGE LISTA OVER FEILSLAG OG FØRDOMAR

Lista over feilslag og førdomar er lang: 

  • katastrofen i Galipoli i Tyrkia under fyrste verdskrigen der WSC ville ramma Tysklands allierte, osmanerane, som han såg på som «a soft belly» (dei allierte vart slakta ned); 
  • freistnaden på å halda på imperiet etter andre verdskrigen (som Roosevelt var mot); 
  • feilbedømminga av strategien i andre verdskrigen, der WSC framfor å gå til åtak i vest, i sær Frankrike, ville ta Tyskland nedanfrå, via Afrika og Italia; 
  • Noreg. Kampanjen i Noreg var ein katastrofe og heldt på å hindra at WSC vart statsminister i mai 1940;
  • mangelen på interesse, inntil det kyniske, for sultkatastrofen i Bengal i 1943;
  • teppebombinga av tyske byar utan strategisk  interesse (i sær Dresden);
  • dei kynisk avtalene med Stalin om Aust-Europa og Hellas; 
  • rasismen. WSC tala ofte om «the higher races» som ikkje omfatta Afrika. Der fanst det berre folk med namn som starta med N.

Churchill omtala kinesarane systematisk som «pigtails» og inderane som «baboos». Kva han sa om Gandhi skal me omsorgsfullt lata vera å nemne.

FEILSLAG INSPIRERT AV CHURCHILL

Det er her Wheatcroft blir aktuell, for han ser churchillianske drag i ei rekke av vedtak i etterkrigstida, avgjerder kor det var frykt for å framstå som meir knuslete enn Churchill: Korea,Suez,Vietnam. Alle  dominerte av angsten for å repetera München og prova seg like faste mot diktaturar som WSC var på trettitalet. Som Marx sa: Historia tek seg opp att fyrst som tragedie så som farse. 

WSC-MYTEN I USA

Eit særleg interessant trekk ved Wheatcrofts analyse er   Churchill-myten amerikanarane skapte. Mora til  WSC var amerikansk - WSC er dyrka i USA og var ein av dei få som fekk tala til ein samla Kongress. JFK var den fyrste til å slå  om seg med Churchill-mythos. Reagan siterte WSC i innsettingstalen sin, og George W. Bush satte ei WSC-byste i det ovale kontor i Det Kvite Huset. 

Berre når folk som Donald Trump, Rudy Guiliani og Ted Cruz freista slå mynt på WSC, kjem Wheatcroft Churchill til unnsetning. Han konstaterer fast at same kva skuggesider ein kan finna i WSC, stod han klippefast på konstitusjonelt styre og parlamentarisk demokrati. Det var med djup sorg han måtte gje opp setet sitt i Underhuset i 1955. Ingenting av det WSC stod for kan brukast av Trump & Co, er konklusjonen hans.

KRIG MOT STALIN?

Mørch supplerer Wheatcroft med å nemne som døme på mannens megalomani at WSC ville kvitte seg med sin krigsallierte Stalin i 1945. 1.jui 1945 gjorde han framlegg om å gå til åtak på Den raude hæren i Tyskland for å få eit betre resultata enn avtalen dei kom fram til på Jalta. Tanken var å bruka britiske og amerikanske troppar som stod i Tyskland og gå mot aust.

Ideen vart med ein gong skote ned i den britiske generalstaben der det vart fastslått at styrketilhøvet mellom Stalin og Vesten var som 1:3 i sovjetisk favør. Mørch nemner også at WSC sendte eit fortruleg memo til Truman med framlegg om å utsletta Moskva før russarane fekk atomvåpen. 

For Mørch er dette provet på WSCs psykiske ubalanse. 

Denne skribenten har ikkje sett dette dokumentert andre stader. Kan det vere sant? Kanskje kan DTs lesarar hjelpe her?

ILLUSJONEN OM LIKEVERD

For Mørch består WSCs genialitet i at han lukkast i å framstilla Storbritannia som ein likeverdig sigerherre i andre verdskrigen på line med Roosevelt og Stalin. (Då var de Gaulle enda flinkare: det var takk vere WSC at Frankrike fekk ein sone i det erobra Tyskland og vart med på Nürnberg-domstolen).

KRANENE SOM SEINKA SEG

Denne skribenten er litt ugild her. Han hugsar godt då WSC døydde i januar 1965. Me las spesialnummeret til The Times med det bistre Karsch-biletet teke i Canada på forsida, og venta å få Churchill til examen artium. 

Det skjedde ikkje, men vi studerte talane hans ytst samvetsfullt. Og då kista hans vart lyfta opp og frakta oppover Themsen, seinka alle kranene seg i respekt. Det  var inntrykksfullt. Ikkje mykje Churchilll-revisjonisme der.

WSC var for stor til å gravleggjast i Westminster Abbey. Han ville til den vesle landsbyen Bladon. Nokon er så store. Stridsbroren Charles de Gaulle ville på same måte ikkje til Panthéon. Han ligg ved sidan av den funksjonshemma dottera si Anne som han var sterkt knytt til, i den heimlege landsbyen Colombey.

«EG SKRIV HISTORIA SJØLV»

Churchill er kjent for utsegnet: «Historia vil være god med meg, eg skal skriva han sjølv». 

For nokre år sidan kom ein spesialstudie av Cambrigde-historikaren David Reynolds: In Command of History. Churchilll Fighting and Writing the Second World War (Penguin 2004). Den boka stadfest nett det WSC sjølv skriv: dei seks banda av Churchills krigssoge er grundig tilpassa WSCs rolle, «autobiografi forkledd som verdshistorie», som det er sagt. 

Det er presis mot denne sjølvrepresentasjonen både Mørch og Wheatcroft vender seg. At WSC er vanskeleg å detronisere, er Davis Reynolds sjølv eit godt døme på. Reynolds sluttar boka si med desse orda ved WSCs bortgang: Churchill hadde alt dominert (kampen om historia) eit kvart århundre då han døydde - gjennom handlingar og det han skreiv.« Og han må ha visst då han gradvis mista medvitet at han hadde vunne den udøyelegdom han strevde etter. I døden så vel som i livet held Churchill fram med å gløda. Han har fullstendig kontroll med soga».

Ein dom mannen sjølv berre kan slutta seg til. Som WSC sa det i 1938: «Ord er det einaste som held seg for evig». 
 


Tilbake til toppen