Hopp til hovedinnhold
/
Illustrasjonsfoto: Getty Images

NO KOM DET NYE VIETNAM

Kvifor lærar ikkje politikarane og generalane? Fleire i Pentagon burde lesa romanen «The Ugly American». Og høyra på Fredrik Barth.

Publisert i Bernts blogg av Bernt Hagtvet Fredag 3. september, 2021 - 10:09 | sist oppdatert Onsdag 23. mars, 2022 - 11:21

Så er det skjedd igjen: Verdas mektigaste militærmakt er blitt nedkjempa av ein lav-teknologisk, tung-ideologisk og fundamentalistisk bondehær. USA klarer ikkje ein gong å halda på flyplassen i Kabul. Taliban vil ikkje utsetja utreisefristen. Det er fantastisk audmjukande.

Vi ser eit nederlag nesten utan sidestykke i amerikansk historie. Like audmjukande som det Sovjet opplevde i Afghanistan på 1980-talet, landet som vert kalla «gravplassen til imperier». Verre enn kalamiteten i Irak. Her er vi langt frå flaggheisinga på Iwo Jama under Stillehavskrigen.

Den tunne strimen

Bileta frå Saigon i april 1975 meldar seg umiddelbart: Den lange, tunne strimen av folk som desperat kjempa seg opp mot helikopteret på taket til USAs ambassade i byen. Og ambassadefunksjonæren som landar ein kraftig knyttneve i andletet på ein fortvila flyktning i helikopterdøra. Eller nord-vietnameserane som snøgt sprengde seg inn i Saigon. Det skjedde like fort og uventa som i Kabul no. Bileta av folk som hang seg på fly i rørsle syner desperasjonen.

Pentagonrapporten og Afghanistan?

Massiv etterretningstabbe nok ein gong? Her synes det å vera nok ein parallell. Eit viktig poeng her er at Pentagon erkjente lang tid i forvegen at krigen i Vietnam ikkje kunne vinnast. CIA visste det, Det kvite Hus visste det. Det synte Pentagonrapporten og Daniel Ellsberg.  

Ligg det gjøymt ein stad ein liknande rapport om Afghanistan som viser at USA heile tida var klår over at dei var på undergangskurs? Eg trur det. Me ventar spent på ein ny Ellsberg, ein kvass Assange eller ein modig Snowdon. Eit anna felt er korleis internasjonale våpenhandlarar har spela ei krisgintensiverande rolle i Afghanistan. 

Det umiskjennelege nederlaget

Kaoset på Kabuls flyplass vil bli verande i det historiske minnet. Vi burde ha vore spart for Anthony Blinkens «komiske Ali-« liknande tale der han snakka om Afghanistan som «ein siger». 
Og når Joe Biden seier det aldri var meininga å driva nasjonsbygging i landet, kva meiner han? Om poenget var å stogga terror mot USA (som vart vellukka), måtte føresetnaden vere at Afghanistan hadde eit styre som var nokonlunde stabilt og representativt. USA måtte i alle fall ta sikte på statsbygging i nokon form. Og statsbygging som skal vara, er avhengig av nasjonsbygging i ein eller annan forstand. Ein stat må ha eit grunnlag i eit folk som ser staten i alle fall delvis som legitim. Nasjonsbygging treg ikkje ta form av eit heildekkande menneskerettsbasert demokrati etter vårt mønster. Men utan legitimitet frå breie grupper, fell staten, nett fordi nasjonsbygginga vart mislukka. 

Det er dette som er skjedd nå. Ein korrupt stat, finansiert av Vesten og på heroinsmuglig og djupt stammebasert, fell like fort som Diems og Kys Sør-Vietnam i 1975. Sør-Vietnam kunne ikkje reddast fordi staten ikkje hadde legitimitet.

Makt spring ikkje berre ut av ein geværmunning 

Makt springer ikkje berre ut av ein geværmunning, som Mao trudde, men oppstår når massane handlar saman ut frå ein sams interesse. Massane i Afghanistan ville ikkje eller kunne ikke stogga Taliban, delvis fordi styret i Kabul ikkje hadde legitimitet på grunn av korrupsjon. Massiv våpenhjelp og høgteknologi hjalp ikkje mot Kalashnikovar, enkle vegbombar og gerijastrategi. Det er rett og slett sinnbilet på det som eufemistrisk vert kalla «assymmetrisk krig». 

Djup ideologi

Men kor langt går ein slik samanklikning med Vietnam? Både rørslene, FNL i Vietnam og Taliban i Afghanistan, kombinerer ein altomfattande djup nasjonalisme med ein intens, altomfemnande ideologi. 

I Afghanistan er ideologien fundmentalistisk religiøs på ein måte som grip heile personledomen og grunngjev massive overgrep i namnet til trua. Du drep fordi fienden er inkarasjonen av alt det vonde. I slik ideologi gjer det lettare å drepa fordi du er representanten for noko over-individuelt. Her er det overlapping med eit sekulært totalitært trussystem som kommunismen. 

Modernitet

I Vietnam var soldatane frå Nord-Vietnam ikkje fundamentalistisk truande. Den anti-moderne fanatismen som driv Taliban saknar sidestykke i Vietnamkrigen. Men ynskjet om å sameina Nord-og Sør Vietnam – nasjonalismen - synte seg å vera ein like sterk drivkraft på slagmarken som religiøs tru. Marxisme, nasjonalisme, anti-kolonialisme, sjølvstendetru, ekstrem islam – ulike trussystem har ein veldig kraft. Nok ein gong ser det ut til at Vesten ikkje har skjøna det. Fordi Vesten er blitt så sekulært? 

I Afghanistan, med sine 39 millionar innbyggjarar, er Taliban anti-moderne (med unntak av våpen og mediabruk; der er dei på ei moderne høgd). Kvifor er USA så klosset? Graham Greenes skodespel «The Quiet American» og romanen som fylgde «The Ugly American» ga nyklar: Fåkunne, arroganse, provinsialisme og låg læreevne.

Tabbane

Kritikken no går på måten tilbaketrekkinga skjedde på. Med små styrkar – på det høgste var det 100 000 soldatar i 2011-kunne USA ha stødd Kabulregimet og gjeve det tid til å forsterka skansane. Og opna rom for å taka ut dei afghanarane som hadde hjelpt Vesten. Sjeldsynt klønet spela USA ut alle korta sine med å slå fast ein dato for uttrekking. Ufatteleg dumt, ut frå eit strategisk synspunkt.
 
Det tok Vesten reformasjonen under Luther og den vitskaplege revolusjonen under Opplysingstida, Voltaire og Marx, å sivilisera kristendomen. Når kjem ein muslimsk reformasjon?

Ofra

56 000 amerikanarar miste livet i Vietnam, omkring 2 millionar vietnamesarar, er tal ein ofte høyrere. 160 000 er tal eg har støtt på i Afghanistan i samla tap. USA har misst meir enn 2000 soldatar,Noreg 10. Krigen har kosta USD 2 trilionar ,eit tal du ikkje kan fatta. I Afghanistan har krigen vara i 20 år, i Vietnam i litt meir enn 10, fra Tonkin Gulf-resolusjonen i 1964 til tapet av Saigon i 1975. 

Men det kom ikkje noko tilsvarande antikrigs-rørsle i USA mot krigane i Irak og Afghanistan som mot Vietnam-krigen.

Grunnen er enkel: Denne gongen var det ikkje noko «draft», tvungen militærteneste. Krigen trefte ikkje akademikarane og dei borgarlege heimane (og vart du kalla inn, kunne du ta til med å studera teologi, då slapp du). 

Dei svarte og dei fattige gjorde jobben og leid i Irak og i Afghanistan.

Barth i stolen sin

Antropologen Fredrik Barth lærte seg pashtun, hovudspråket i Afghanistan, og studerte stammesamfunnet der. På ein stol i ein frukost eg hadde med han ved UiO (ein av dei siste gongene han trådte fram offentleg) sat han stille i to timar og fortalde ca. 200 studentar om kva for samfunn dette var. 

To poeng stod klårt: Afghanistan var ikkje eit statssamfunn. Det var eit stammesamfunn med djup identitet andsynes stammen, dei nære. Dertil: Lojaliteten sat likevel laust. Du kunne kjøpa deg vener på tvers av skiljeliner. Difor, sa Barth, burde amerikanarene ha lete Kabul få nok pengar til å kjøpa seg vener i ulike stammer. Det kunne gått nokså lett, sa han. Sjølv i Taliban, som ikkje var ei heilskapeleg rørsle.

Synd amerikanarane har så dårleg tradisjon på å høyra på motekspertise.


Tilbake til toppen