Hopp til hovedinnhold
/
Vatikanet (Foto: Getty Images)

Paven som visste og tagde

I mars i år opna Vatikanet heile sitt arkiv for forskarane. Det siste store spørsmålet i historia om den jødiske tragedien kan vera nærare eit avklaring.

Publisert i Bernts blogg av Bernt Hagtvet Onsdag 7. oktober, 2020 - 18:56 | sist oppdatert Mandag 28. mars, 2022 - 12:44

Paven som visste og tagde
Dokument frå Vatikanet syner at pave Pius XII alt i 1942 var godt informert om jødeforfylgjingane. Han var systematisk unnfallande, dokument vart undertrykte, og han nekta å skriva under ei protesterklæring mot forfylgjingane frå dei allierte i desember 1942.

Hausten 1942 stod Nazi-Tyskland på høgda av si makt. Stalingrad var enno ikke tapt. Hitler hadde god grunn til å tru han skulle erobre verdsmakta.
I utkanten av Europa fekk lille Noreg kjenne den kalde nazi-handa. 26. november det året vart 529 jødar sende til gasskamrane med DS «Donau» frå Vippetangen. Samla vart 773 jødar deporterte i Noreg. Berre 35 kom att.

Det var, for å seie det brutalt, ein bagatell i det store krigsbiletet i Europa. Men dette nazistiske drapet på uskuldige norske medborgarar minner oss kor massivt og ubønnhørleg nazi-regimet og deira medlauparar kunne forfølgje sitt nidingsverk i denne lagnadsstunda.

Dette totalitære vanvitet må vi alltid ha med oss når vi vurderer kva for handlingsrom einskildsmenneskja – same kva for nivå – hadde i desse dystre tidene.

Det lagnadstunge brevet
Seinsumaren 1942 vart eit brev sendt frå Jewish Agency for Palestine i Geneve til det amerikanske utanriksdepartementet. 27. september landa det på bordet til pave Pius XII. Eugenio Pacelli, som han heitte i det sivile, levde frå 1876 til 1958. I 1942 var han i det tredje år i pontifikatet sitt som Heilag far og overhovud for det største kristne kyrkja i verda, den romersk-katolske.

Fire veker før vart dette brevet sendt til Washington frå Geneve. Innhaldet var så sjokkerande at State Department bestemte seg til å informere Roma.

Brevet hadde denne ordlyden:

Utan skilnader vert dei førdte bort og skotne..
«Likvideringa av Warszawa-ghettoen er i full gang. Utan nokre skilnader, utan omsyn til alder og kjønn, vert grupper av jødar førde bort og skotne. Kroppane deira vert brukte til å laga fett og knoklane til gjødsla. Masseavrettingane går ikkje føre seg i Warszawa men i særskilte leirar bygd for det føremålet. Ein av dei er i Belzek….sist månad er i Lemberg (dagens Lvov, BH) 50 000 jødar myrda. I fylgje nokre rapportar er 100 000 menneske nedslakta i Warszawa. I heile Øst-Polen og i dei russisk-okkuperte områda finst det ikkje jødar i live i det heile».

Denne sjokk-rapporten vart overlevert personleg av USAs sendemann til Vatikanet, Myron Ch. Taylor, til pavens høgre hand, kardinalstatssekretær Luigi Maglione. Me veit at paven fekk rapporten på bordet same dag og leste han.

Paven som ikkje kom
Lat oss gå nokre månader fram i tida. Om morgenen den 16. oktober 1943 gjekk ein SS-bataljon inn i Romas jødiske ghetto i nærleiken av Vatikanet og tok til fange 1259 jødar. Paven vart omgåande underretta, men viste seg ikkje, sendte berre inn ein protest til den tyske sendemannen til Den Heilage Stol, Ernst v. Weizsäcker (far til den seinare tyske forbunds-presidenten Richard).

Det førte ikkje til noko. Først etter at deportasjonane var fullførde, opna Pius XII kyrkjene i heile Italia for kyrkjeasyl for dei forfulgte jødane. Kvifor denne togna?

Den tause Guds sendemann
Dei som har levd ei stund, vil hugse skodespelet til den tyske dramatikaren Rolf Hochhuth (1931- 2020), «Der Stellvertreter» (no. overs. «Stedfortrederen», 1964). Eg såg sjølv teaterstykket hausten 1965 og vart rysta – som resten av verda.

Essensen i stykket er den passiviteten som mannen på Peters stol la for dagen i møte med Hitlers massemord. Hochhuth stellte alle dei forferdelege spørsmåla: Kva visste Pius? Når visste han det? Handla han? Når handla han? Me veit at paven mottok ei rekke bøner frå jødar som ba om inngripen i si naud (sjå faktaboks). Desse bønene og rapportar frå katolske geistlege i aust er no blitt oppdaga etter ny-opninga av arkiva i mars.

Kva kunne Pius ha gjort? Kva gjorde han? Ville det ha ført til noko i eit system som det nazistiske? Kunne protestar tvert om ha ført til verre tilhøve? Kunne Pius ha risikert at SS tok over heile Vatikanet? Kva for avveiningar er det legitimt å venta seg i ein slik tvangssituasjon? Finst det høgre etiske krav til ein pave som ser seg sjølv som Guds sendemann på jorda og personlegdomen av Hans meining med oss? Eller er dette urimeleg?

Har ikkje den katolske kyrkja sjølv skapt sin eigen moralske fallhøgd ved å framstille seg som ein ufeilbarleg fortolkar av Guds vilje?

Hitlers pave
Debatten etterpå har i alle år vore sjeldsynt bitter, i ei atmosfære av mistanker om at pavestolen sensurerte bort pinlege dokument frå arkivet. Gong på gong er det kome åtak frå historikarhald om at det som vart tilgjengeleg ikkje avdekka alt. Tittelen på John Cornwells bok, «Hitler’s Pope: The Secret History of Pius XII» (NY: Viking, 1999), er representativ for Hochhuth-tradisjonen.
Cornwell skriv at Pius var anti-semittisk og lot politikken sin om sentralisering av pavemakta gå føre motstanden mot Hitler. Derav det «Reichskonkordat» han inngjekk med Hitler i 1934 som paveleg nuncio (ambassadør) i Berlin. Det nøytraliserte tysk-katolsk skepsis mot NSDAP og sementerte nazi-regimet i ei fase der Hitler var sårbar.

Frå katolsk hald har kritikken mot Cornwell vore massiv. Han vart kalla mytemakar, og Pius XII vert sett på som ein som redda jødane så godt han kunne i den situasjonen han var i – ofte i det stille. No er ei ny fase i dette ordskiftet i gang.

Berre generelle vendingar, ikkje noko skriftleg
Det fanst ikkje prov på om kva Pius visste om det som skjedde med jødane – før no. Arkiva var avstengte, til som sagt mars i år. Då sendte Die Zeit eit team til Vatikanstaten under leiing av kyrkjehistorikaren Hubert Wolf.

I Die Zeit no. 18 for 23 april i år står konklusjonen som ikkje er til å kome frå: Pius visste detaljar om utryddinga alt i 1942. Og han unnveik aksjon. Han ville ikkje bli slått i hartkorn med amerikansk motstand mot Holocaust. Grunngjevinga var at det kunne få Hitler til å skru opp myrderiane. Men sanninga er nok heller institusjonell overleving – og ikkje så lite anti-jødiske førdomar. Alle andre omsyn måtte vike.

Historikaren David L. Kertzer har i mange år studert Vatikanet under Pius XII. I The Atlantic 28. august har han drøfta kvifor ikke paven protesterte mot arrestasjonane like utanfor vindauget hans.

Dokumenta som no er komne for dagen, er fylt med antisemittisk sjargong. Rådgjeverane til Pius rådde til å halda seg tause eller tala i generelle vendingar, trass i ynsker frå rabbinarar som oppsøkte han om å få hjelp frå Den Heilage Stol. Det galt «ikkje å visa for mykje sympati med jødane». Og aldri noko skriftleg frå møta. Å seia at Den Heilage far er eit skinnande moralsk førebilete ville vere ei overdriving.

Washington bad om help
I brevet frå Jewish Agency kunne paven lesa om folkemordet på jødane, ikkje berre i Polen, men også i Tyskland, Belgia, Holland, Slovakia (der ein katolsk pater var Führer, Tiso) og Frankrike. Memorandumet inneheldt også opplysingar om at nazistane i det katolske Polen hadde lukkast i å vende katolsk opinion mot jødane.

Washington vende seg til Vatikanet for å få hjelp til å protestere mot myrderiane. Kunne paven stadfeste desse informasjonane? Hadde den Heilige far idear om korleis det siviliserte Europa kunne hindra eit «framhald av desse barbariske handlingane», spurte den amerikanske utanriksleiinga.

Enorme papirmengder
Det apostoliske arkivet i Vatikanet strekkjer seg seks hundreår attende. Der fint 200 000 papir sentralt og nye 200 000 dokument i andre lokale arkiv – alt hittil upublisert. Det vil ta år før ein kan få eit slags samla overblikk over materialet.

At saleg-kåringa av Pius har teke så lang tid, er nok symptom på den tvil som har rådd om pontifikatet hans. Dei som vil setje fart i prosessen fram mot Pacellis opphøgde status, omtalar især julepreika hans i 1942. Der talar paven om dei «hundretusener» som på grunn av «avstamming og nasjonalitet står andsynes døden».

Men jødane vert ikkje nemnt eksplisitt. Kritikarane seier difor at paven gjer seg skuldig i vage formuleringar som knapt kan seiast å stetta dei moralske forventningane som embetet hans innbyr til – og som er katolsk sjølforståing.

Pius kunne ha medverka til ein proteststorm mot myrderiane men let vere. Kvifor?

Ikkje med på protestar
Den polske eksilregjeringa i London utga ei kvitbok hausten 1942 om massemyrderiane og tok initiativ til ei sams alliert erklæring med åtvaring. Vatikanet vart boden inn til å underteikna, men avslo. Erklæringa vart offentleg 17. desember 1942.

Desse nyoppdaga dokumenta syner at paven hadde direkte adgang til kunnskap om myrderiane i aust. Ein italiensk forretningsmann, Malwezzi, skreiv direkte til pavens sekretær Giovanni Montini, den seinare pave Paul VI. Datoen var 30. september 1942, og Malwezzi skriv detaljert om dei «blodbada» som jødane var offer for i Polen. Den katolske erkebiskopen i Limberg (no Lvov), Andrej Szeptyrzkyj sendte i slutten av august 1942 detaljerte skildringar om overgrepa til Pius XII. Dei var verre enn under dei som fann stad under det bolsevikiske regimet, sa han. Berre i Kiev var 130 000 menneske blitt offer for dette «diabolske» styret.

Den ubehagelege sanninga
Pius ’ forvararar viser til dei elleve banda med aktstykke som Vatikanet ga ut mellom 1965 og 1981 om det pavelege diplomatiet under andre verdskrigen – 10 000 sider. Då Johannes Paul II sette ned ein kommisjon til det heilage året 2000, førte det til kritikk mot at omfanget var for lite. Dei jødiske historikarane forlet då også kommisjonen.

No står det att mykje arbeid å få den endelege domen. Men berre på grunnlag av det som Zeit-teamet og Kertzer har oppdaga, er konklusjonen utvitydig: sanninga om Pius XII er langt meir ubehageleg enn me har skjøna til no.

Me vet ikkje - er det ikkje slik?
Sjølv i denne forkorta utgåva av aktene som vart offentlege i 1965, er ikkje brevet frå Geneve med. Kvifor? Det er fyrst no at Zeit-teamet har funne det, og i tillegg kjem det fram moment frå den interne diskusjonen etter at paven hadde lese brevet i 1942.

Maglione sette eit notat på brevet til paven:» Eg trur ikkje at me har til rådvelde informasjonar som kan stadfeste desse tungtvegande nyheitene». Og føyer til for paven: «Er det ikkje slik?»

Det usannsynlege i at Paven ikkje visste
Magliones notat fekk ein annan reaksjon innanfrå. Vatikanets sekretariat unnslo seg nemleg ikkje å kome med klassiske anti-semittiske førdomar. Er det ikkje alltid slik at jødar overdriv? heiter det i eit av notata. Dette ligg no ope. Pavestaten hadde nuncios i alle europeiske land. Dei var fyrstehands informert.

Allitd kleresiets integritet
Her kjem vi til eit kjernepunkt. Alle pavar vil handle ut frå maksimen: Alltid handle slik at du vernar om presteskapets integritet. Alltid handle slik at du held oppe kyrkja si ubrotne kontakt med dei truande, si eiga makt. Alle konkordat med diktatur, med Mussolini i 1926 og Hitler i 1934, er stadfesting av denne lina. Om det er naudsynleg å inngå allianse med Djevelen, so be it.
Kyrkja var alltid meir redd for det raude diktaturet enn det brune. Det forklårer ein del av Pacellis handlemåte.

Det var alltid meir viktig å slå ring kring kyrkjas overleving enn å redda jødar. Moralsk skinnande er det neppe, men moral har aldri vore Romas rettesnor- eigeninteresse har.

Forsvaret av institusjonell sjølvstende til einkvar pris, ja. Kanhende nett difor vert Pacelli snart salegkåra?

Bøner om hjelp frå forfulgte, no avdekka i vatikanarkivet.
Med opninga av arkiva er det kome for dagen uttallege skriftlege bønerop om hjelp frå katastrofen sendt til Pavestaten. Her er eit døme:

«Deira Høgverdigheit, de kan redda fire menneskeliv.
…eg skriv frå den ytste naud og fortviling når eg no vender meg til Dykk Excellence. Eg er ein ung mann på 21 år, israelitt. Vogga mi stod i Berlin, deretter drog eg til Polen, så til Belgia og Frankrike. Eg studerer teologi (Rabbinatskandidat)..har i det siste gennomgått så mykje bittert at eg knapt kan skildra det..eg er på slutten av mi kraft. Med ei siste von på vegne av foreldra mine og bror min ber eg om å kome til Sveits..berre Skaparen i himmelen veit i kor stor fåre vi er no kvart minutt…Deira Høgverdigheit, de kan redda fire menneskeliv.»

Martin Wachskerz, den jødiske teologistudenten, frykta å bli deportert til dødsleire i Ukraina. Han bad paven om å hjelpa familien til eit exitvisum til Sveits. Brevet kom til Roma ved årsskiftet 1942-3, på eit tidspunkt då deportasjonane av jødar var på sitt høgste. Denne bøna til Vatikanets ambassade i Bern førte ikke fram. Lagnaden til familien Wachskerz veit me ikkje mykje om. Men 11.august 1944 dukkar namnet Wachskerz opp på listene til ein tilinkjeleir i aust. Familien Waschskerz vart etter alt å døme myrda.

Det høyrer med til denne historia at den katolske kyrkja ikkje hadde nok problem med å stø «rottelina» frå Austerrike til Italia, fluktvegen for tallrike nazistiske krigsbrotsmenn etter krigen. Adolf Eichmann fekk god hjelp av Guds sendemann på jorda då han ville til Argentina i 1950.


Tilbake til toppen