Hopp til hovedinnhold
/
Auschwitz (Foto: Getty Images)

Skuldfrie massemordarar

Åtti år er gått sidan botnpunktet i den europeiske sivilisasjonen: Wannsee-konferansen. Formål: å samordna lidenskapslause mord på 11 millionar menneske. 

Massedrapa vart gemyttlig samordna på mindre enn to timar i ein hagestove full av gobelinar i ein luksusvilla - og feira med drinkar og cognac. 

Ettertida har heile vegen spurt: Korleis var det mogleg? 

Var desse administrative mordarane ‘normale’?
 

Publisert i Bernts blogg av Bernt Hagtvet Onsdag 23. februar, 2022 - 11:16 | sist oppdatert Mandag 28. mars, 2022 - 13:52

20. januar 1942, 56-58 Am Grossen Wannsee. Femten høge tenestemenn, åtte av dei med doktorgrad i jus, demografi og liknande emne, sette seg i stemne i ein posh villa utanfor Berlin. 

Dei kom saman i Potsdam, ved den i den idylliske Wannsee-innsjøen, den fremste utfluktsstaden til berlinerane på solfylte dagar. 

Villaen vart bygd for ein industrieigar i 1914-15 og hadde vore åstaden for konspirasjonar om kupp-planar frå ytste høgre i 1921-22, då Hitler i november 1923 mislukkast med å styrta Weimar-republikken. Sidan 1940 hadde SS brukt  villaen som kvilestad for slitne massemordarar etter jobb gjennom SS-stiftinga «Nordhav». 

Dei høgståande var lova lunsj. Innbydar: Sjefen for SD, Reichssicherheitshauptamt, Reinhard Heydrich. Lokal vert og referatskrivar: Adolf Eichmann, sjef for IVb4, kontoret for jødiske saker i Gestapo. Mannen som dreiv Holocaust på grunnplanet. Mannen som var ein meister i å samordna toga til Auschwitz. Mannen som var ekspert i å lyda ordrar.

KVEN VAR DEI?

Vi veit no mykje om desse skrivebordsbrotsmennene. Gjennomsnittsalderen var litt over 42. Det gjorde dei relativt unge. Med unntak av to kom dei frå ‘normale’ middelklassefamiliar (sivilingeniørar, funksjonærar, bakarar, bønder). Elleve hadde protestantisk bakgrunn, tre eller fire katolsk. (Ein, Otto Hofman, ein av NSDAPs fremste rasepolitikarar, definerte seg sjølv som «gudstruande («gottgläubig»), som var den vanlegaste nazistiske måten å vedkjenna seg religion på). Dei fleste var frå Prøyssen. Sju var veteranarar frå fyrste verdskrigen, dei tilhøyrde det Ernst Jünger kalla «stålstorm-generasjonen». Fire var alte Kämpfer, dvs.  hadde meldt seg inn i NSDAP på 1920-talet. Fem var «maiblomar», folk som hadde meldt seg inn i nazipartiet i mars 1933 av opportunistiske grunnar fordi dei skjøna kor vinden blåste. Fire hadde vore i krigsfangenskap. 

Tre av skrivebords-morderane levde roleg og fredeleg i Vest-Tyskland under eigne namn til 1980-tallet. Då to av dei – kansellist Gerhard Klopfer og rasismeeksperten Georg Leibbrandt – vart påtala, vart sakene deira lagt til side på grunn av mangel på prov (!) og fordi sakene var blitt forelda. 

Dette og det faktum at Wannsee-villaen ikkje vart opna som museum og minnestad før i 1992 - etter ein lang kamp - seier mykje om problema Forbundsrepublikken hadde med å handtera si fortid. 

Samla sett høyrde dei til «den kompromisslause («unbedingte») generasjonen», som historikaren Michael Wildt kalla dei: det ideologiske embetsmannskorpset som skulle iverksetja Generalplan Ost, elimineringa av ca. 30 millionar slavar i Russland og Ukraina gjennom svolt og drap, i byte for «ariarar» som kravde meir Lebensraum. 

Dei fleste av Wannsee-folka hadde møtt kvarandre før, og fleirtalet budde i det fasjonable Tiergarten-distriktet i Berlin.

TVERRSNITT AV NAZI-STATEN

Dei femten kom frå stats- og nazihierarkiet: NSDAPs partikanseli, Görings ministerium for 4 års-planane, justis, utanriks, transport- og innanriks-departemententa, Gestapo, Reichssicherheitshauptamt (SD) og SS, frå Generalguvernementet i Polen (den resten av Polen som ikkje var direkte annektert av Nazi-Tyskland), og frå SD-avdelingane i Baltikum («Ostland»). 

Dr. Rudolf Lange kom frå desse austlege provinsane. Der var han øvste leiar for Einsatzkommando B, dei mobile drapskvadronane til SS . Konferansen var opphaveleg sett til 9. desember 1941. 

FORSEINKA AV MASSEDRAP OG AV VERDSHISTORIA

Men dr. Lange var for travelt oppteken med å slå i  hel jødar i Riga. Han hadde nett avslutta drap på 27 000 der, heftig stødd av lokale baltararar som gjorde grovarbeidet med øksar og slag. Dette oppreinskingsarbeidet vart medverkande til at konferansen vart utsett til 20.januar. 

Dessutan endra verdshistoria seg desse dagane. 5. desember starta sovjetarane motoffensiven  mot Wehrmacht i snødrivet framfor Moskva, og 7. desember gjekk Japan til åtak på USA i Pearl Harbor. Kor tid etter – 11. desember - erklærte Hitler krig mot USA. Ei lagnadstung feiltaking, skulle det visa seg. 

TOTALISERANDE IDEOLOGI

I denne nye  geo-politiske situasjonen i 1941/42 var det aldri eit spørsmål om å kasta vrak på desse enormt ressurskrevjande drapsorgiane på jødane. Ein kunne tenkja seg at toga mot Auschwitz kunne brukast meir formålstenlig under ein krig enn å frakta jødar for å gje Wehrmacht vinterklede. Men nei. 

Her står vi ved essensen i nazismen – massedrap totalt skilde frå ein kvar nyttekalkulasjon i krigen. Ja, utryddinga av jødane tiltok desto nærare nederlaget kom. 

For all ettertid er difor Wannsee blitt ståande som eit grotesk symbol på denne totaliserande, ikkje-nyttebetonte tilinkjegjerande, nærast metafysiske ideologien, midt i Europa. Kvifor?  

Dette er det blitt spurt om i ettertida om att og om att. Eit kjernespørsmålet som vi skal vende attende til.    

KVEN SKULLE HA FØRINGA?

Av dei mange misoppfatningane som ettertida har hatt om det som skjedde denne januardagen for åtti år sidan, var at Wannsee-konferansen var staden der Holocaust vart «vedteke». Det er feil.

For initiativtakaren, SS-general Reinhard Heydrich, var formålet med Wannsee framfor alt å stadfesta SS’ leiarskap i og eiarskap til prosessen framover. 

Holocaust vart planlagt i seriar av steg, men Wannsee er ein av de viktigaste møta for administrativ samordning i villnisset av byråkratiske institusjonar i «Det tredje Riket».

Ved sidan av å fastslå eiarskapet til myrderiane, galt det også for Heydrich å involvere det etablerte tyske embetsverket i folkemordet - gjera dei til medskuldige, eller i alle fall hindra obstruksjon. 

Han hadde all grunn til lovprising etter møtet: Ingen av dei høge herrane hadde innvendingar mot grunndraga i opplegget. 

PROBLEM I NORDEN

Nokon hadde likevel praktiske innvendingar. Auswärtiges Amts (UD) statssekretær , Martin Luther (sic.) meinte at dei nordiske landa ville by på problem, og at det difor var «klokt å utsetja aksjonane.» «Med tanke på kor små dei jødiske samfunna var i desse landa, vil det ikkje innebere nokon alvorleg innskrenking av planane», som han vert sitert i referatet. «På den andre sida ventar ikkje UD nokon alvorlege hindringar i det sør-austlege og vestlege Europa». Det stemte.

Interessant er det då å merka seg at dei innbjudne ikkje var toppfolk, men kom frå rangeringa nedanfor, på statssekretærarnivået. 

DEI SOM IKKJE KOM

Det var fleire kvite flekkar i møtelyden. Goebbels’ propaganda-ministerium var ikkje innkalla (ikkje å venta, konferansen skulle haldast hemmeleg); frå tysk UD kom altså statssekretær Martin Luther, men ikkje v. Ribbentrop eller v. Weisäcker, båe overordna i AA. 

Heller ikkje kom Hans Frank, slaktaren frå Krakow, generalguvernør der og Hitlers personlege jurist. I staden sendte han dr. Bühler, som i fylgje referatet kjempa hardt for at jødane i ghettoane i generalguvernementet hans skulle tømmast fyrst. 

Konferansen kom i stand delvis fordi SS fekk nyss om at generalguvernør Frank ville driva sin eigen deportasjonspolitikk i Polen og gjera sitt eige territorium «judenrein» fort. Ghettoane i området hans var breiddfulle av ofre. Frank måtte disiplinerast. Dette er eit døme på det institusjonelle kivet som prega heile denne vedtaksprosessen. Frank stod for dei mest radikale utryddingsframlegga – han rekna med at Hitler stod for det same.

Men Dr. Roland Freisler var der, folkedomstols-domaren som skreik skjellsord til og audmjuka 20.juli- mennene etter attentatet mot Hitler i 1944 - før dei vart hengt opp på kjøtkrokane til langsam kveling i Plötzensee. 

Dr. Freislers bidrag på Wannsee var å argumentere for ein breiare definisjon av kven som kalififiserte som  «fulljøde» og difor merkt for død. Han vart ekspedert ut or tida av ei britisk bombe i Berlin i januar 1945. 

DIREKTIV FRÅ GÖRING

For å avskjera all tale om autoritet innleidde Heydrich konferansen med å visa til eit brev frå Göring datert 31. juli 1941 Der ga riksmarskalken SD og SS i oppdrag å kome med framlegg om å «sameina» «den endelege løysinga på jødeproblemet» («Gesamtlösung»).Dette brevet vart lagt ved innkallinga. 

Ingen kunne difor vera i tvil om kva som stod på programmet: Folkemord. 

ILLUSTRASJON PÅ NAZI-BYRÅKRATIET

Konferansen er verdt å forstå fyrst og fremst for det ljoset han kastar over korleis nazistaten fungerte: det vanvittug kompliserte system av overlappande og konkurrerande embetsverk og byråkrati utan klar struktur for ansvarsfordeling og kompetanse, utanom personen Hitler sjølv (og han slutta tidleg med å halda regjeringskonferansar). 

Dessutan gjev konferansen eit avslørande innblikk i heile det nazistiske mentale universet. Begge desse sidene ved det lagnadstunge møtet skal vi ta opp her.

Vi kan sjå frå referatet at reviertenking og byråkratisk infighting starta med ein gong, framfor alt frå  tysk UD som meinte seg priviligert i arbeidet med endeleg å «løysa jødeproblemet».

«KUMULATIV RADIKALISERING»

Historikarar som Hans Mommsen og Ian Kershaw har brukt Max Weber for å utmynta eit omgrep som kan kasta ljos over dette byråkratiske virvaret og korleis det fungerte. 

Nazistaten vart bygd opp av konkurrerande, overlappande embetsverk og organisasjonar på kryss og tvers mellom stat og parti. Nazistaten hadde t.d. både eit konvensjonelt utanriksdepartement (AA) og eit eige Ostministerium med uklare kompetansegrenser. Dei konkurrerte.

Hitler var til dels medvite om dette. Ein slik struktur var avhengig av appell til Føraren for avklaring av endelege vedtak. Det i sin tur resulterte i stadige appellar til Føraren for autoritetshjemlar. Sidan «alle» visste at Hitler alltid tok til orde for dei mest radikale åtgjerdene, la dei seg til dei mest ytterliggåande tiltaka. Dei overkompenserte og dreiv politikkutforminga i meir og meir ekstrem retning. 

I sær var Hans Frank i Generalguvermentet ein meister i dette når han ville ha stønad i arbeidet med å få utsendt flest mogleg jødar frå ghettoane der.

Altså: Denne intense konkurransen om Hitlers gunst, i mangel av demokratisk pluralisme og ytringsfridom, førte til ein kumulativ (oppsamlande) radikalisering av politikken. Dei ulike ministeriane spilte opp til Føraren med det eine skarpe framlegget etter det andre som førte politikken ut i det ytterliggåande – for å henta inn Hitlers gunst. 

Wannse-konferansen er eit døme på dette, og perioden etterpå med raske ettersamlingar, det fyrste berre dagar etter 20. januar - der i sær spørsmålet om offerdefinisjonar spela inn - stadfester desse tendensen og mekanismane.

DET AVSLØRANDE REFERATET

Wannsee dreide seg altså om kven som skulle ha den førande rolla i massemyrderiane, men også om kven som skulle peikast ut som offer – og med kva metodar. 

Vi har eit detaljert referat (Besprechungsprotoll) frå dette herreselskapet. Referatet, skriven av Eichmann, vart utforma i 30 eksemplar og skulle hemmeleghaldast. 

Etter krigen fann assisterande USA-aktor ved Nürnberg-domstolen, Robert W. Kempner, eitt eksemplar i arkivet til UD, truleg deponert der av Luther. Kempner var sjølv tysk jøde som var gått i eksil i Amerika. Han kom attende som amerikansk militærjurist og la no dokumentet fram som åtaleskrift i Nürnberg. 

Over all tvil dokumenterte det kva nazistane ville. 

Det er blitt kalla det skjendigste dokumentet i det 20. hundreåret.

FRÅ ‘EMIGRASJON’ TIL ‘EVAKUERING’

Heydrich tok fatt med å gjera klart at politikken vis à vis jødane hadde skifta frå «emigrasjon» til «evakuering».  
I mange år hadde debatten gått om lagnaden til jødane. Det var tale om tvungen emigrasjon til Palestina og Madagaskar, og no deportasjon «austover». 

Referatet syner at Eichmann vart ein kløppar til å skriva eufemistisk («blomstrande omskrivande» ) for å skjula brotsverka. 

I Jerusalem i 1961 sa Eichmann at han måtte frisere referatet for å luka bort alle vulgaritetane, bannorda og kjønnsreferansane. Alle blomstrande omskrivingar var borte. Det vart tala om eksekveringar, drap, gassing, skyting og død gjennom utmarsjar. Mange høge herrar gjorde seg morosame når talen kom opp om sterilisering og tvungne skilsmål for å verna om «det tyske blodet». 

Eichmann sa også at den 90 minutt lange konferansen enda med eit triveleg samkome føre peisen i villaen med cognac og kvile etter «ein lang dags hardt arbeid». Eichmann så Heydrich drikke cognac. Heilt uvanleg. Vi må tro det var eit gildt møte. 
I Jerusalem sa Eichmann: Kven er eg som skal døma? Omgjeven av sosialt høgreståande dignitærar meinte han at han ikkje kunne innvende noko som helst. Når dei ville ha massedrap, måtte det bli det. Dei var hans overordna, han deira undersått. Han hadde å lyde.

DØDSLISTENE

Eichmann hadde samla oppgåver over talet på jødar -også i land kor Nazi-Tyskland ikkje hadde kontroll (t.d. England, som er sett opp med 330 000 jødar, og Sverige med 8000). Til og med Tyrkia er lista opp (det europeiske Tyrkia, med 55 500 jødar). Noreg er sett opp med  1300 menneske av jødisk ætt). 

Alt i alt var 11 millionar menneske peika ut til å døy, frå spedborn til oldingar, frå Nordkapp til Sicilia, frå Ural til Irland. «Støvsuga» er ordet Heydrich brukar for å karakterisera dette sivilisatoriske skippertaket.

KVEN SKULLE DREPAST?

Med klassisk nazi-sans for Ordnung vart konferansen vigd til spørsmålet om definisjon av offergruppene. President Paul v. Hindenburg gjekk alt i april 1933 i forbønn andsynes Hitler for krigsskadde og dekorerte jødar - dei måtte ha Jarnkrossen, fyrste klasse - som vart kasta ut av stillingane sine. 

Heydrich gjekk inn for «ei effektiv løysing» for desse og jødar over 65: plassere dei i aldersheimar eller sende dei til Theresienstadt. Det var Eichmanns «modelleir» der m.a. dei danske jødane vart sende. 

I ettertid veit vi at det var ein rein Potemkin-kulisse, ein  gjennomgangsleir til Auschwitz.

ISKALD RASJONALITET/INDRE BESTIALITET

Men kva med inngifte mellom «ariar» og jødar? (sk. Mischlinge?) Det galt som alltid å unngå å infisere tysk «blod». Resultatet var ein serie med kompliserte kategoriar i eit system av ytre, iskald rasjonalitet og indre bestialitet. Kategoriane omfatta born, ekteskap av første og andre kategori, «halv-jødar», etc. 

STERILISERING OG «LEGAL» REVOLUSJON

Eit tema som ofte kom opp i forhandlingane, var sterilisering. Dr. Wilhelm Stuckart var ein juridisk pedant, forfattar saman med Adenauers seinare statssekretær Hans W. Globke for Nürnberg- lovane i 1935. Dei strekte opp den «legale» basisen for overgrepa mot jødane. Jødane vart fråtekne alle rettar. Dei vart null-personar fritt vilt. 

Stuckart meinte at tvangssterilisering var vegen å gå for å løyse «problemet» og  «for å unngå endelaust byråkrati». Stuckart omkom i ei trafikkulukke i 1953 etter krigen. Det er teikn på at han vart teken av dage av ein jødisk hemnskvadron.

Referatet er fullt av tilvisingar til «loven»: Heydrich ville «reinska det tyske Lebensraum» for jødar på «legalt vis». Nett av di den nazistiske revolusjonen framstod som uklanderleg «legal», gjorde det lettare å få aksept for overgrepa i den tyske folkesetnaden, godt kjende med lydnad som dei var i ein autoritær kultur. 

«Lova» normaliserte og kvardagsleggjorde brutaliteten. Nürnberg-lovane la grunnen til den gradvis oppbygginga av den moralsk og psykologisk kjenslekalde personen som nazismen var avhengig av.

«NATURLEG UTVAL»

Jødane - etter at menn og kvinner hadde vore skilde - skulle sendast austover i arbeidskonvoiar til «nyttig» arbeid, dvs. vegarbeid. Der ville dei fleste av «naturlege årsaker» «falle frå», eller om naudsynt bli drepne. Dei som overlevde ein slik praksis, vart ekstra farlege, meinte Heydrich, fordi dei ville kome att som «basill-kjerner» med hemnmotiv. Dei mest «fysisk resistente» kunne danna kjerna i «ein jødisk renessanse». 

Av denne grunnen  var det ekstra viktig å få dei fjerna. Borna og. Dei måtte handsamast «deretter», dvs. myrda.

EICHMANNS ‘SENSITIVE NATUR’ OG HIMMLERS SJOKK  

Masseavrettingane byrja ikkje med Wannsee-konferansen. Herreselskapet kan betre forståast om ein freistnad på å takle – for å tale eufemistisk som Eichmann – metodeprobemet: Korleis mest mogleg effektivt og – for gjerningsmennene – mest mogleg skånsamt å gjennomføra massedrapa. Difor fokuset på sterilisering, sjølv om det vart klart at det ikkje var kapasitet stor nok til å gjera alle ynskjelege sterile. Gassing måtte til.

Wannsee var operativt stadium nr. 2 i folkemordet. No vart gassinga sett på som den mest «humane» avrettingsforma - for brotsmennene. Eichmann fekk oppdraget med å eksperimentera med Zyklon B-gassing i Auschwitz, m.a. fordi det vart ei for stor påkjenning for SS-folka som skulle utføra drapa i køyretøy der enno levande menneske måtte spas ut or gassvogner.

IKKJE DREPT SJØV!

Men skrivebordsmorderane sparte seg sjølv for deltaking. Her finn vi ein total mental og moralsk avsperring frå røyndomen. 

Eichmann var personleg såra i Jerusalem då israelarane ville ta med i påtalebegjæringa at han hadde kvalt ein jødisk gut som han meinte hadde stole eplar i hagen hans i Budapest. Den slags ærelause skuldingar ville han ikkje ha sitjande på seg! (Riksadvokat Gideon Hausner tok seinare bort punktet; israelarane hadde ikkje gode nok prov). 

SS-oberst Eichmann  sjølv orka ikkje bivåne gassingar i vogner. Han sa han hadde «ein særs kjenslevâr natur» og «orka ikkje synet av blod». Å senda millionar av uskuldige til gassing frå skrivebordet sitt i Gestapo, avdeling IVb4 i Kurfürstenstrasse 116 i Berlin, var likevel hans minste kunst. 

Nedanfor skal vi drøfte årsakene til denne schizofrenien.

TUNG PATRIOTISK PLIKT FOR Å HJELPA FRAM DET JØDEFRIE TUSENÅRSRIKET

SS-føraren Himmler utmerka seg heller ikkje med mandig tøffheit. Historikaren Martin Gilbert har gjeve oss ei skildring av møtet då Himmler var med på masseskyting i Minsk (14.-16. august 1941). Episoden er fortalt av SS-general Karl Wolff (mannen som elles i 1944 redda den franske statsministeren Léon Blum frå fangenskap i Nord-Italia ved å overgje han til amerikanarane. Det sparte han for eksekusjonspelotongen etter krigen).

Det var Himmler sjølv som hadde bedt å vera til stades ved ein «aksjon». Den tidlegare hønsefarmaren hadde ikkje sett døde menneske før. Denne episoden kan gje oss eit illustrerande inntak til heile den nazistiske verdstolkinga som Wannsee-konferansen var uttrykk for:

Ei enorm grav var spadd opp, og ofra vart tvungne til å legge seg side ved side lag på lag. Ofte måtte dei leggje seg opp på ofra som levde. Så vart dei skotne frå kanten av grava. 

Himmler stod og så på. Med eitt fekk han ein sprut av hjernemasse på frakken sin og i andletet frå dei som vart skotne i hovudet. Han vart grøn og bleik og starta å svive rundt slik at Wolff måtte springa fram og stø  han vekk frå grava.

Då gjesten hadde fått samla seg, heldt han ein tale frå bilen sin. Himmler sa han no forstod kor hardt det var å gjera denne tenesta for Tyskland i dei okkuperte områda. Det var ille nok for han som tilskodar og måtte vere enda verre for dei som utførte denne tenesta for fedrelandet. 

Men han forstod dei. Å gje dei permisjon, ville han ikkje. Dei måtte gjera plikta si, koste kva det koste ville, av omsyn til Tusenårsriket. Han appellerte til patriotismen deira. Offervilja. Så drog han av garde.

Utviklinga av gassvognene og seinare Zyklon B hadde si rot i klagemål frå Einsatzgruppe B om dei psykologiske påkjenningane som mordarane kjente når dei måtte skyte jødiske kvinner og born på kloss hald.

«VI MÅ HALDA OSS SØMELEGE»

Enda meir avslørande er talen Himmler heldt for Gauleiter-sjiktet i NSDAP i Posen i oktober 1943. Vi har eit direkte referat. Med Himmlers eigne ord ser vi her dei ulike stega i SS-førarens mentale univers. 

Essensen er den tunge men naudsynlege renovatørverksemda for å fjerna den jødiske basillen. Drap blir idealisme. Bruken av medisinsk-patologiske og gruppe-psykologiske termar gjev brotsmennene ei pseudovitskapleg grunngjeving for massedrap. Reinleik og folkehelse, forsvar av den friske, folkelege nazi-kroppen, er kjerna:

Dei av våre menn som har teke del i avrettingane har lidd mykje meir enn ofra…Blant dykk burde det stå klart kva det vil seie når du ser hundre lik eller femhundre eller tusen ligge der ved sidan av kvarandre. Å halda ut dette og framleis…halda fram med å vere sømeleg («anständig»), det har gjort oss harde.

DET PERVERTERTE MORALSKE UNIVERSET

Den orwellianske moraloppfatninga som her trer fram, kan framstillast slik: Ei handling i kampen mot det heslige, i.e. jøden, skal ikkje vurderast etter kor grusom han er, i kampen mot det heslige, det sjuke.  Nei, motsett: den moralske gehalten i handlinga vert vurdert etter graden av offervilje, heroisme og disiplin du sjølv legg for dagen i kampen for dei overordna verdiane, «blodets verdiar». Kampen er sivilisatorisk naudsynt. 

Slik blir mord ein prøvestein på di eiga sjelege substans, kor «upersonleg» du kan drepa - utan å ha førdelar sjølv, utan å hata, utan å bli øydelagt psykisk. Vera sømeleg. Altså eit omvendt pervertert moralsk univers som hadde som formål å døyva angst, tvil og sjelenaud hjå mordpraktikarane. Ikkje noko brot med kvardagsmoralen. Tvert om, du forsvara «das Volk» med alle middel.

Nazismen var nett ikkje eit brot med kvardagsmoralen, men ein appell til verdiar over deg sjølv. Nett det kan kasta ljos over det grepet nazismen hadde om den einskilde. (Dessutan vart alkohol brukt som angstdempande middel).

WANNSEE FORSTÅTT INNANFRA: NAZISMENS INTERNE LOGIKK

Dei femten funksjonærane i Potsdam var ikkje patologiske. Dei var ikkje hemngjerrige taparar. Dei var ikkje undermåls på nokon måte, eller sadistiske mordarar. Heydrich var noko av ein skjønnånd, kultivert fiolinist, høgt utdana offiser. Auscwhitz-kommandanten Rudolf Höss spela Schubert eit steinkast frå krematoriane der også borna hans leikte. Familielivet hans der var idyllisk. Desse kontordrapsfolka var alle temmeleg kompetente i stillingane dei hadde. 

Mot gobelin-kledte veggar i ein idyllisk hageveranda drøfta dei kva som skulle til av administrativ ansvarsfordeling og sofistikerte drapsmetodar for mest mogleg effektiv avretting av 11 millionar. Ikkje for noko dei hadde gjort (sjølv om kontor-drapsmennene faktisk kanskje trudde på Hitlers absurde konspirasjonar). Dei vart teken av dage for kva dei var. 

Det held ikkje å visa til gruppe-psykologiske mekanismar i eit mannsforbund for å skjøna kva dei vart samde om 20. januar 1942. Altså at ingen protesterte mot det sivilisasjonsfallet som normale menneske ville ha sett med ein gong. Vi må langt djupare.

NULLPUNKT

Bakgrunnen er uhyggeleg. Den nazistiske «endelege løysinga av jødeproblemet» representerer det mest totale brot med normer som alle etiske, religiøse eller humanistiske tradisjonar har etablert som samstemte - som eit sams felles multiplum for all sivilisasjon. Kva nazistane dreiv det til, kan berre forståast innanfor ramma av det nazistiske rase-ethoset og den logikken som fylgde av den. La oss difor freista å rekonstruere den logikken.

SKULDLAUS RÅSKAP, SYNDEBOKKAR OG JAKTEN PÅ DET REINE OG VAKRE

Wannsee gjev oss altså eit til då ukjend univers av pervertert rasjonalitet, ein kultur av skuldlaus råskap og menneskeforakt dandert som ueigennyttig sivilisatorisk sjølvforsvar og dyrking av det reine og vakre. Her ligg eit viktig inntak til det psykologisk-politiske skjoldet av rasjonaliseringa og grunngjevinga av vald.   

Wannsee-konferansen var uttrykk for kombinasjonen av trongen til å peika ut ein syndebukk (jødane hadde skuld for nederlaget  i 1918 og andre verdskrigen, som Hitler aldri var trøytt av å skrika ut) - og den biologiske rasismen. 

Tett innvevd med rasismen låg idealet om det sunne mennesket, som i sin tur bring opp den overmåte viktige estetiske dimensjonen i nazismen. For å forstå dette grunndraget i nazismen må vi supplere analysen av jøden som syndebukk med innsikt i Hitlers menneskesyn. 

DET VAKRE ER DET SANNE. NAZISMENS INDRE LOGIKK

Gangen i rekonstruksjonen er slik:

For Hitler var rasen bindeleddet mellom natur og samfunn. I naturen seirer den sterke. Makt er rett. Når den sterke vinn, er det i naturens orden. Med Harald Ofstads ord: nazisme er forakt for svakheit.

Humanismens ide og heile menneskerettskonseptet om å verna om dei svake, er blautaktig vås for Hitler, ja, teikn på dekadanse. Opplevinga av det sunne, vakre og sterke blir sjølve kriteriet på det gode og sanne. Altså: det som er skjønt er også sant. 

Oppgåva til politikken er å hjelpa til med å frambringe det mest perfekte, sunne og vakre mennesket. Sjå nazi-kunst og du ser kva som ligg i dette. Einskild-menneska eksisterer eine og aleine som overgangar mellom generasjonar i det evige livet til rasen. Målet til historia er å konkretisere naturens eiga ideal om det skjønne mennesket, dvs. det «ariske»  mennesket. 

Som Føraren sjølv uttrykte det: «Idealet for oss ligg i vernet om det sunne. Men berre det sunne er sant og naturleg; alt sant og naturleg er dermed vakkert.» Og vidare: «Eg kjenner meg som Robert Koch. Han oppdaga basillen… Eg oppdaga jøden som basill og årsak til sosial oppløysing.»

Med eit slikt menneskesyn og politikkoppfatning vert det ei tvingande moralsk oppgåve å utrydde det heslige, dvs. jøden, bæraren av det moderne, kosmopolittiske menneskebilete, den heimlause og fedrelandslause. Og stygge.

BLODETS VESEN

Denne radikale nazismen er tillagt blodet. Derfor hjelp det ikkje på din identitet å konvertera; du er framleis jøde etter nazistiske kriteriar. Av dette venleiksidealet fylgjer forakt for funksjonshemming og psykisk sjukdom; det er uttrykk for det uskjønne. At lækjarar og sjukepleiararar med det beste samvet gassa born og funksjonshemma, fylgjer med ein pervertert logikk av dette. T4-programmet tok livet av 70 000 funksjonshemma. Difor Himmels oppmuntring i Posen: de gjer ei tung teneste i sivilisasjonens teneste. At de har vore anständig, har gjort dykk harde.

I 1959 vart ein doktor i T4-programmet, Kurt Heissmeyer, trukke for retten. Han sa: «Eg trur ikkje dei som var i leiren hadde fullverdi som menneske». Spurt kvifor han ikkje brukte dyr, t. d. grisar, som prøvekaninar for sine immunologiske eksperiment, sa han: «For meg var det ikkje noko grunnleggjande skilje mellom menneska der og prøvekaninane». Etter å ha tenkt seg om, retta han seg sjølv: «mellom jødar og grisar». Jødar hadde liv som ikkje var menneskelege.

KOPLINGA NYTTE/RASISTISK ANTI-SEMITTISME

Det er verdt å merka seg at tett innved den nazistiske rasismen som grunngav massedrap, lå ideen om det nyttige. Nazismen opererte med omgrepet «liv uverdig til å leves». Det uverdige ga ei grunngjeving for «samfunnsmessig nytte», dvs. å hushaldere med «fellesskapets ressursar». 

Her koplar nazismen seg til kva ein kunne kalla ein kapitalistisk tenkemåte om samfunnsnytte. Om Hitler hadde vunne krigen, ville han ha teke T4-programmet til det logiske ytterliggåande: fjerna gamle og sjuke «unyttige» «ariar» som ikkje berre var unyttige men også heslige. 

Slik kan vi rekonstruere nazismens indre logikk ut frå grunnideen om absolutt venleik og nytte.  

JØDEN SOM INDRE OG YTRE FIENDE I DØDSKAMPEN MELLOM TYSKLAND OG UNDERMENNESKA

Om vi nå vender attende til villaen ved Wannsee, ser vi nok ein gong kontrasten mellom jødane som levde og døde i ghettoen i Lodz og dei som drakk brandy over tallmaterialet over komande jødiske ofre. I Chelmo vart nye titusenar piska inn til kvelingsdøden medan dei høge herrane drøftar kven som er «fulljøde».

Her er det store paradokset: Massedrapa på jødane skyt for alvor fart når det vert klart at Tysklands utsikt til siger er usikker. Då blir drapa intensivert.

Den indre samanhengen her er at dei femten skrivebordsmordarane ikkje såg nokon skilnad mellom kampen på dei russiske steppene og utryddinga av den indre fienden elles. Det var det same «jøde-bolsjevismen». Dei trudde at jødane bak frontlina var den same fiende som slost mot Werhmacht i den iskalde fronten framfor Moskva. 

DOLKESTØYTET

Ja, dei indre frontane var kanskje verre, for hadde ikkje jødane (0,67% av folket i Tyskland i 1933) synt si makt når dei stakk dei tyske troppane i ryggen under den fyrste verdskrigen? «Slutten på denne krigen blir den totale utslettinga av jødane», sa Hitler 30.januar 1942, på dagen for maktovergivinga i 1933. Dette er det store samanfallet som bidreg til å gjera forklårleg kva som dreiv dei femten i 1942. 

FØR WANNSEE - PRELUDIUM FØR MASSEDRAP. DEN KRONGLETE VEGEN TIL AUSCHWITZ

Drapa hadde starta mykje før Wannsee. Frå sumaren 1941 hadde tyskarane fått kontroll med hundretusenar av jødar etter som dei erobra territoriar i aust. 

Her vil vi gje ei betre oversikt over den kronglete vegen til Auschwitz gjennom å framstille forstadiene til Wannsee:

– Sumaren 1941 til september 1941: to sivile frå Hamburg kjem til Auschwitz for å læra opp SS til å bruka Zyklon B gass. I Block 11 i september vert den fyrste gassinga utført. 250 pasientar frå et sjukehus i nærleiken og 600 russiske krigsfangar, pluss nokre jødar overleverte frå ein Einsatzkommando, vert myrda med Zyklon B.

– Fyrste dødsleiren, Chelmo, 60 km frå Lodz vert teken i bruk 8. desember 1941. Mobile lastebilar dreper jødar ved å føra eksosgass inn i lastevogna. Samla tal på myrda: 360 000.

– Belzec, nær Lublin, var klar i februar 1942.Tal på ofre 600 00.

– Sobibor: 250 000.  

– Majdanek vart ferdig i 1940 og omgjort til dødsleir. 

– Treblinka, nær Warszawa, vert sett i bruk. 870 000 ofre.

Metodane for drap – skyting, gass ved hjelp av eksos og ved hjelp av Zyklon B – varierte. Leirkommandanten i Auschwitz, Rudolf Höss (hengt i Auschwitz i 1947), valte gassing fordi det «sparte han for blodbadet», medan sjefen for ein av Einsatzgruppene, Karl Rudof Werner Braune, meinte skyting var meir «ærefullt for både partar enn gassing i lastebilar». 

SLUTTEN

Eichmanns avdeling var ikkje seine med å effektuera Wannsee-vedtaka. Etter den planen IVb4 sette opp, ville den fyrste kontingenten av jødar frå Slovakia kome til Auschwitz i mars 1942. Det skjedde. Samstundes starta deportasjonane av jødar frå ghettoen i Lublin til Belzec. 

Goebbels var ikkje med i Wannsee, men den 27.mars noterte han i dagboka si om deportasjonane frå Lublin: «Framgangsmåten er temmeleg barbarisk og vil ikkje bli omtala nærare her (sic.). Ikkje mykje vil bli att av jødane.» 19. juli sa Himmler at «forflyttinga» av jødane frå Generalguvernementet ville vere fullført mot slutten av året.  Dette var «naudsynt av omsyn til den etniske skilnaden mellom rasar og folk som Den Nye Orden i Europa kravde, og for tryggleiken og stadfestinga av reinleiken i Det tyske Riket, og i alle sfærar av rikets interesse».

Få dagar seinare starta deportasjonane  frå Warszawa til Treblinka, som nett var klar til å ta i bruk dei nye gasskamra. I månaden etter Wannsee hadde bodskapen frå villaen nådd ut – om enn ujamt – til mesteparten av nazi-apparatet. 

I dette byråkratiet oppstod ein gjennomgåande god ånd for å hjelpa til – med  Alfred Rosenbergs ord – «den historiske oppgåva som lagnaden hadde gjeve Tyskland.»


Tilbake til toppen