Hopp til hovedinnhold
/
Illustrasjonsfoto: Getty Images

Trump er ute

Black Lives Matter-rørsla slo an djupare strenger enn den amerikanske borgarrettssrørsla for femti år sidan og var difor viktig i sigeren til Biden, seier protest-forskar Sidney Tarrow frå Cornell-universitetet.

Publisert i Bernts blogg av Bernt Hagtvet Onsdag 11. november, 2020 - 18:17 | sist oppdatert Mandag 28. mars, 2022 - 12:45

Eit val er over og ein vinnar er kåra. No kjem ettertankens tid med analysar og forklaringar.

Eit iaugnefallande drag ved hausten var den djupe forbitringa av ordskiftet og den kraftige mobiliseringa på kvar side. Meir enn 70 millionar amerikanarar ville ha Donald Trump som president, 73 millionar Joe Biden. Aldri før har ein president hatt så mange røyster bak seg som no.
Me har spurt Sidney G. Tarrow, ved Cornell-universitetet, ein av dei fremste forskarane på sosiale rørsler i dag, om Black Lives Matter-bylgja spela nokon rolle ved valet.

Forklaring på den tidlige mobiliseringa
Sidney G. Tarrow: – At so mange ga røysta si før sjølve valdagen, er etter mitt syn eit teikn på at BLM-rørsla var viktig. Denne tidlege røyste-tendensen må sjåast på som ein protest mot den rasistisk-prega politikken som Trump-administrasjonen stod for, og den opne rasismen som presidenten sjølv bar oppe.

Bernt Hagtvet: – Korleis kan ei sjå det?

BLM slo inn myke djupare
Sidney G. Tarrow: – Demonstrasjonane spreidde seg raskt over heile landet, takk vere internettet. Skilnaden frå opptøyane på 60-talet (t.d. i Watts-ghettoen i Los Angeles), er at alle er mykje kraftigare væpna no. Me så no folk med rifler og pistolar til og med utanfor vallokala. Dette er noko heilt nytt i amerikansk historie – og skræmande.

Sidney G. Tarrow: – At demonstrasjonane spreidde seg så raskt, må også skuldast at BLM denne gongen slo mykje sterkare inn i den amerikanske psyken enn under borgarrettsrørsla på 60-talet. Anti-rasismen er så mykje breidare og betre rotfest i dag enn då. Spreiinga av rettferdsargumenteta til BLM utanfor krinsen til svarte amerikanarar, er óg symptom på dette. Politivalden sette eit ubarmhjertig ljos på dette vedvarande problemet i amerikansk samfunnsliv.

Nytt leiarskap
Sidney G. Tarrow: – I tillegg er det verdt å merka seg at denne gongen var det ikkje mannlege religiøse leiarar som stod i spissen. No var det tre unge kvinner som styrte, ingen frå sørstatane og heller ingen frå byane i nord. Det seier noko om appellen til BLM. Det dreide seg om eit mindre karismatisk leiarskap enn under Martin Luther King Jr. for femti år sidan. Men ikkje mindre effektivt.

Er BLM valdeleg?
Sidney G. Tarrow: – Eg ser ikke på BLM som ei valdeleg rørsle. Under eitt har dei fleste av demonstrasjonane deira vore fredelege.

Me ser to formar for vald i Sambandsstatane i dag: Plyndring av bygningar av uorganisert ungdom i visse byar, som Portland, Oregon. Dette skjer som svar på politivald mot afro-amerikanarar og kan ikkje lastas BLM.

Den andre formen for vald er den væpna kvite militsen som reagerer mot BLM og dei tiltaka guvernørar i delstatarar styrte av demokratar. At vitskaplege råd og åtgjerder no vert vurdert etter partipolitiske kriterier og munnbind vert sett på som politiske signal, er igjen noko nytt i USA – og eit teikn på djupna i kulturkrigane der. Sjølv under dei djuoasste skilnadene mellom t.d. Macron og Marine Le Pen eller mellom Labour under Corbyn og Theresa May, var det aldri noko spørsmål om å trekke vitskaplege råd i tvil på politisk grunnlag. Amerikansk politikk er blitt så delt at fleire og fleire områder vert politiserte.

Sidney G.Tarrow er prof. i statsvitskap ved Cornell. Av dei siste bøkene han har skrive, er «War, States and Contention» (Cornell U.P. 2015) og «The Resistance: The Birth of the Ani-Trump Opposition Movement (Oxford U.P. 2018).

Bernt Hagtvet var Sid G. Tarrows student på Yale på sekstitalet og lære då mykje av hans fyrste bok «Peasant Communism in Sourhern Italy».


Tilbake til toppen