Hopp til hovedinnhold
/
Foto: Getty Images

Velkommen til den vidunderlege nye verdsorden

Dette er framtida vår: Diktaturlanda slår seg saman, Orwell får rett og freden i Westfalen i 1648 er aktuell igjen.

Publisert i Bernts blogg av Av Bernt Hagtvet Onsdag 27. april, 2022 - 11:33 | sist oppdatert Fredag 29. april, 2022 - 10:06

Sergeij Lavrov har sagt det, Dmitri Medvedev har sagt det: Det langsiktige målet for Russland etter invasjonen i Ukraina er å skapa ein ny verdsorden – saman med Kina. 

Det vil bli autokratianes dobbelallianse. Naudsynleg er det ikkje lenger å reisa dei pseudo-demokratiske Potemkin-kulissane: t.d. bruke tid på skodespelval og verbale nikk til FNs menneskeretts-konvensjonar (både landa har underskriven dei fleste av konvensjonane og har perfekte menneskeretts-paragrafar i sine grunnlovar). 

Nei, denne alliansen pretenderer ikkje eingong å vera eit ‘illiberale demokrati’ á la Orbán. Vi talar om reindyrka diktatur. På sett og vis er det komen inn ein betongfast ærleg-realistisk tone i verdspolitikken. Ei drastisk Illusjonsløyse, om du vil. 

Vi står andsynes ein ny epoke, slutten på freistnadene i etterkrigstida på å sivilisere politikken og gjere krig til brotsverk. 

Frå antikken har kjernespørsmålet i politikken vore fridom versus tyranni. Med den lavrovske nye verdsorden er dette spørsmålet blitt akutt att, men no ekstra klart i det internasjonale system.

Re-Staliniseringa
For etter Ukraina-krigen er det ikkje lenger tvil om det russiske regimet. Det skjer ei re-stalinisering der alle tillaup til politisk pluralisme skal drepast og val blir føreseielege knebøyningar. Rettsapparatet er blitt ein slavisk (sic.) handlangar til regimet som dekker klede over politiske mord – med og utan gift.

Despotianenes forbund 
Vi ser ei ny drastisk regimeform i Russland ta form:  anti-vestlig, pan-slavisk imperialisme i kombinasjon med anti-demokratisk maktbrynde, reaksjonær kristendom og rå, kleptokratisk kapitalisme. Eit nygamalt brygg av urgamle og super-teknologiske herskarformar som gjer kontroll av folket til ein vitskap (og får Orwells «Storebror» til å framtre som ein pre-senil bestefar). 

Det er dette systemet, saman med Xi Jipings Han-kinesiske totalitære overvakingskapitalisme, som no skal bli framtida. Aldri har forsvarer av demokratiet vore livsviktigare. 

De-humanisering
Vi ser denne tendensen i språket også: Putinismen de-humaniserar ukrainarane og brennemerkar dei som «nazistar», uverdige til eigen stat. Samstundes kallas dei «brødre» og «lille-russarar». Med slike vener, kven treng fiendar? 

Ukraina skal fjernast
Timotei Sergetsev, kjend Putin-apologet i russiske media, slo nyleg fast (sitert i Wall treet Journal) at ukrainsk suverenitet skal fjernast ein gong for alle. Sjølve namnet skal eliminerast, landet totalt «de-nazifiserast». Putin har tala om å ta dei «indre svikarane». Og no har han til liks med den polske regjeringa gjort historiske samanlikningar av Russland (t.d. med Nazi-Tyskland) til eit  brotsverk. Orwell ville ha slått seg lattermild på kneet. Kva tyder det konkret?  

Det fyrste vi kan merke oss er at denne totalitær-ideologiske offensiven starta Kreml tidleg med. Lenge har Kreml t.d. talt om at russerane i Donbas var offer for ‘folkemord’. (Openberrt eit falsum). 

Samstundes vart ord som atomvåpen og kjemisk-biologiske våpen introduserte. 

I det heile teke å ta i bruk slike hyggelege ord syner forfallet i internasjonal politikk nett no. Heile den sinnrike liberale rettsorden bygd opp etter krigen, er lagt i grus, eller i alle fall drastisk svekka.

Den brukbare historia
Eit særkjenne ved totalitære regime er manipuleringa av historia for aktuelle føremål. Stalins brotsverk har lenge vore nedtona i Russland, Memorial og andre menneskerettsorganisasjonar forbode. Historia skal tilpassast regimet som skaft til øks. Her står Putin i ein hevdvunnen tradisjon med tradisjonelle despotar. 

I intervju og artiklar har han lenge synt denne tendensen. Her er han ei open bok: Med Putin i Kreml er eg redd alt kan skje.

Kva med gjenstridige ukrainarar?
Eit døme: Med den historia som Sovjet har med deportasjonar og med den valdsame retorikken Kreml no er inne i, er det i dag grunn til å stille spørsmålet om kva intensjonar Putin har med dei ukrainarane han skal «de-nazifisera». Skal dei sendast austover til nye GULag-liknande leire, eventuelt under dekke av å ville det sjølv? 

Konkret: Dei humanitære korridorane russerane sette opp, vart misbrukte (t.d. frå Mariupol). Det veit vi. Kom ukrainarane med friviljug? Putin laug systematisk under heile opplaupet til invasjonen (á la Hitler i 1938/9 vis á vis Tsjekkoslovakia, der Føraren uavlateleg sa at avtalen i München var slutten på Tysklands «geografiske fordringar»). I tillegg veit vi at Putin står i ein valdeleg tradisjon - ein slik førartype kan tenkast å ville gjera det meste. 

Vald som rutine
Vesten har undervurdert Putins valdsberedskap før (Tsjetenia, Syria) og forgjeves sett etter streif av rasjonalitet. Vesten bør no problematisera kva lagnad dei ukrainarane fekk som vart ført vekk til Russland i nokre av desse korridorane. Vart dei sett på som «nazistar»? 

Denne tanken om kva han vil med dei som ikkje føyer seg, må no setjast i omlaup. Å brennemerke slik heile folk med etikettar som innbyr til handling, veit vi kva kan føre til. Ideologiar er handlingsentrerte idear på marsj. Med store konsekvensar, i sær i eit regime som Putins. 

Spørsmålet for resten av verda no er temmeleg avgjerande: Kva inneber denne nye verdsordninga? Her er eitt perspektiv.

Slutt på etterkrigstida?
Det 20. Hundreåret kan grovt sett delast i to. I 1945, etter katastrofen under verdskrigen, såg vi ein periode av tunge freistnader på å sivilisere politikken og krigen. Nürnberg-domstolen bygde ut den internasjonale humanitære retten med lovparagrafar som gjorde åtakskrig ulovleg, som dømde toppnazistane for brotsverk mot menneskekætta, og som bygde ut det juridiske forsvaret mot krigsbrotsverk. 

Personleg ansvar
Ein særs viktig arv frå Nürnberg er det individuelle ansvaret: du kan ikkje krevje frikjenning for udådar berre fordi du handla «etter ordre». Dette er aktuelt med tanke på Putin i Haag. 

Å bruka fns genocid-konvensjon frå 1948 er problematisk fordi han føreset klare prov på «intensjon» om fysisk å tilinkjegjera heile grupper på etnisk, religiøst eller kulturelt grunnlag. Slobodan Milosevic kom inn under desse paragrafane når det vart klart – og nokon ville vitne om det – at han hadde til formål å utsletta bosniakkane som etnisk og religiøs eining. 

Vil eliten i kreml slå sprekkar?
Dette vert vanskelegare med omsyn til Putin. Kven i den indre krinsen kan tenkast å vitne mot han? Vi veit ikkje, enda det har vore rapporter om «reingjering» FSB-folk no – etter katastrofen med «Moskva». 

Då er det meir høveleg å bruka ande delar av folkeretten, reglane om brotsverk mot menneskeætta og krigsbrotsverk mot han. 

Ved sidan av Nürnberg kom heile normgrunnlaget for ei meir menneskeleg verd etter 1945: FN-pakten; Verdserklæringa om menneskerettane i 1948 med heile tradisjonen om innsyn i kva styresmaktene gjer med eige folk («right to protect», «R2P»); Folkemordkonvensjonen same år; styrkinga av Geneve-konvensjonane om rettane til sivile og krigsfangar og forbod mot særskilte øydeleggjande våpentypar, t.d. Kjemisk-biologiske. Seinare kom OSSE, som står i same tradisjon. 

I det heile teke å tale om atom- og biokjemiske våpen, er teikn på kor langt er vi er komne – og kor djupt fallet er frå den sinnrikt oppbygde traktatsystemet av sivilisering av krig. Dei fleste har vore nokså illusjonsløyse, om enn vonfulle, om kor motstandsdyktige desse traktaten har vore konfrontert med rå maktpolotikk. No har vi svaret. Få så dette koma.

Tilbakefall til westfalen?
Så kva vil Russland og Kina med sin nye «verdsorden»? 

Vi anar konturane til ein restitusjon av freden i Westfalen etter religionskrigane i 1648. Då vart det slutt på innblanding frå andre nasjonar i kva styresmaktene gjorde med folket sitt (religionen fylgde trua til herskaren, enda privat var det til ein viss grad rett til å ha sin eigen tru). Statane var lukka einingar i eit system av skiftande alliansar utan noko normverk til regulering av atferd, og altså utan nokre menneskerettslege krav til staten.  

Dette liknar stoda før fyrste verdskrigen: kvar stat er nærast seg sjølv utan frykt for internasjonale domstolar og innsyn. Eit fullblods anarki. Vi såg kva det førte til frå 1914 til 1918. Vi må ikkje gløyma at verda kan gå bakover, ikkje berre framover.  

Oceania påny
I romanen «1984» skisserer George Orwell framtidsdystopien etter at Storebror har slukka den siste resten av fri tanke i verda: eit betongfast, stilleståande redsleregime med underkua «prolar» som et seg til daude av tynn, tabloid underhaldning og billeg sex. 

Verda er sett saman av tre gigant-statar: Amerika, UK («Airstrip One») og Oceania. Det er eit amalgam av Stalins Sovjet og Maos despoti, med Det tredje rike som dandering. Europa blir eit støvgrann som gnis til skjelett mellom desse blokkene. (Etter Brexit liknar UK meir og meir på dette scenarioet, ei tåkefull, armodsleg øy i Nordsjøen som lever på illusjonar om stordom).

Om vesten legg seg i stabilt sideleie og lar demokratiet svekkast meir, er Oceania vår framtid. Vår vedunderlege nye verd.   


Tilbake til toppen